NRK Meny
Normal

Full togstans mellom Bergen og Oslo

Det er full stans i all togtrafikk mellom Bergen og Oslo. I tillegg til raset ved Mjølfjell, har naudsambandet svikta mellom Bergen og rasstaden. 1500 passasjerar er råka.

Full stans i togtrafikken

PROBLEM I KØ: Ras ved Mjølfjell og problem med naudsambandet skaper store problem for togtrafikken mellom vest og aust.

Foto: Eli Vaage / Eva Kløve / NRK / Mjølfjell fjellstue

SISTE: Det vil ta veker før bergensbanen kan opna att.

Bergen stasjon

TEKNISK TRØBBEL: Måndag føremiddag står toga også mellom Bergen og Arna.

Foto: NRK
Ras i Mjølfjell

STORE JORD- OG STEINMASSAR: Raset ved Mjølfjell stengde sundag ettermiddag Bergensbanen ved Mjølfjell.

Foto: Eva Kløve, Mjølfjell Fjellstue

Sundag ettermiddag kom meldinga om raset som slo ut Bergensbanen ved Ørneberget utanfor Voss. Dermed er det buss for tog og store forseinkingar på Bergensbanen i begge retningar.

Les òg: Bergensbanen vil vera stengt i dagevis.

Like etter klokka 9 måndag kom meldinga om at heller ikkje lokaltoga frå Bergen stasjon rører seg. Årsaka er ein feil på naudsambandet, seier toginformatør Ida Grønland.

Naudsambandet er slått ut på strekninga mellom Bergen og Mjølfjell, opplyser Jernbaneverket.

– Vi jobbar no på spreng med å få ordna feilen, og med å få på plass buss for tog på strekninga, sa Grønland til NRK.no.

Om lag 1500 passasjerar er råka av stenginga måndag. Tysdag reknar NSB med at omlag 1000 togpassasjerar må finna seg i å ta buss.

Problema står i kø

Stenginga av Bergensbanen er berre ei av fleire utfordringar for den norske togtrafikken måndag.

  • Raset ved Mjølfjell gjorde sundag at passasjerane måtte reisande frå vest måtte reisa med buss Voss og Ål, og mellom Ål og Bergen for reisande frå aust.
  • Problem med naudsambandet mellom Myrdal og Bergen gjorde at passasjerane på Bergensbanen måndag må reisa med buss på heile strekninga mellom Bergen og Oslo.
  • Rørosbanen var måndag sperra mellom Hamar og Løten av eit arbeidstog med tekniske problem.
  • Togpassasjerar ombord i eit lokaltog på Østfoldbanen satt fast i ein og ein halv time i morgonrushet inn mot Oslo.

Veit ikkje grunnen

Jernbaneverket jobbar no med å finna grunnen til at naudsambandet har slutta å fungera på strekninga mellom Myrdal og Bergen.

– Det er uvisst om feilen har nokon samanheng med raset, seier Harry Korslund, pressevakt i Jernbaneverket.

Toga bruker eit eige nett kalla GSM-R. Dette vert brukt til å overføra tryggleiksinformasjon og opplysningar om posisjonen til toget. Det er sjeldan dette systemet ikkje fungerer.

Kan ikkje starta ryddinga måndag

Ein geolog har vore og sett på rasstaden i Mjøldalen måndag. Det er ikkje mogeleg å starta ryddinga i dag.

– Dei kjem til å starta arbeidet med å rydda rasstaden, truleg tysdag morgon, seier Inge Hjertaas i Jernbaneverket.

Buss for tog heile vegen

NSB bad måndag morgon alle passasjerar møta som normalt. Det skulle etter planen gå lokaltog som normalt til Voss stasjon for passasjerar austover, og så buss for tog vidare til Oslo.

Ifølgje toginformatør Ida Grønland blir det no arbeidd med å finna bussar å setje inn i trafikk.

Jordras på Bergensbanen

SPERRAR VEGEN: Tre eller fire store steinar landa på denne vegen nedanfor rasstaden på Mjølfjell.

Foto: Eva Kløve, Mjølfjell fjellstue

Også andre stader i Sør-Noreg har det vore kaotisk i togtrafikken på det som for mange er første dag i haustferien. På Østfoldbanen sat passasjerane fast i toget då det stansa på grunn av teknisk feil.

NRK.no oppdaterer saka.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo