Full siger for polske laksepakkarar – lakseselskap må betala nær 20 millionar i erstatning

Eigarane slo laksepakkeriet konkurs og oppretta nytt selskap på same plass. No får dei fagorganiserte som blei nekta jobb millionerstatning. – Dommen er sjeldan klar, seier LO-advokat.

Streik i Norse Production

FULLT GJENNOMSLAG: 45 tidlegare laksepakkarar får kvar tilkjent fleire hundre tusen kroner i erstatning for tapt inntekt og oppreisingserstatning etter å ha stemna Sund Laksepakkeri.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Då fiskeforedlingsbedrifta på Sotra gjekk konkurs i april 2018, stifta leiarane nye selskap på same plass med same kundar.

Men ingen av dei fagorganiserte tilsette fekk vera med vidare og mista jobben.

45 arbeidstakarar meinte seg diskriminerte av det nyoppretta selskapet Sund Laksepakkeri, og stemna selskapet for retten.

No er dommen klar.

– Dommen er sjeldan klar

Selskapet er dømt til å betala nesten 20 millionar kroner i erstatning til 45 polske arbeidarar, viser den ferske dommen frå Bergen tingrett.

– Dommen er sjeldan klart og gir arbeidarane fullt medhald. Tingretten seier tydeleg at den reelle grunnen til at dei ikkje fekk jobb, var at dei var fagorganiserte, seier advokat i LO, Edvard Bakke, til NRK.

Bergen tingrett gir arbeidarane fullt gjennomslag – og tilkjenner kvar og ein mellom 200-300.000 kroner i erstatning, og 100.000 kroner i oppreisingserstatning. I tillegg må den tidlegare arbeidsgjevaren betala alle sakskostnader.

Samla sett dreier det seg om ein sum tett oppunder 20 millionar kroner.

– Eg har ikkje fått snakka med alle, men dei er openbert nøgde med at dei har fått fullt medhald i alle sine krav, seier Bakke.

LO-advokatene Fredrik Wildhagen og Edvard Bakke

LO-ADVOKATAR: Fredrik Wildhagen og Edvard Bakke førte saka på vegner av dei 45 fagorganiserte i Bergen tingrett.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Flagga ut firma til Polen

I samband med innføringa av vikarbyrådirektivet i 2013, valde fiskeforedlingsbedrifta Sekkingstad AS å setta ut drifta av produksjonen til eit nyoppretta selskap med base i Polen.

Selskapet Norse Production, med for det meste polske arbeidarar, tok difor over arbeidet med å slakta og pakka laks – i dei same lokala i Sund, på oppdrag frå Sekkingstad AS.

Våren 2017 melde halvparten av dei tilsette seg inn i LO-forbundet Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN). Hausten gjekk om lag 70 ut i streik for å få tariffavtale.

Etter fire veker førte streiken fram. Men dei tilsette meinte dei ikkje hadde fått overtidsbetalinga dei meinte dei hadde krav på. Saman med fagforeininga sende dei eit krav til leiinga om å få pengane.

Då slo Norse Production seg sjølv konkurs.

Fagorganiserte ved konkursrammede Norse Production

STEMNA: I juni i fjor samla fleire av dei fagorganiserte seg då LO valde å stemne Sund Laksepakkeri. Rettssaka gjekk over tre veker i vår.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Slo seg sjølv konkurs

Men berre dagar etter konkursen, kjøpte tre av mellomleiarane verksemda. Drifta heldt fram under namnet Sund Laksepakkeri. Arbeidet var det same, kundane og lokala òg.

Men berre arbeidstakarane som ikkje var organiserte i fagforeininga fekk jobb i det nye selskapet.

– Her har ein ingenting imot fagorganiserte, bakgrunnen er personvurderingar og erfaringar stiftarane av selskapet hadde med seg frå si tid som arbeidsleiarar i Norse, sa Dag Nødtvedt, advokaten til Sund Laksepakkeri, til NRK før rettssaka i mai.

Nødtvedt har så langt ikkje svart på NRK sine gjentekne førespurnader fredag.

Streikende polakker på Sekkingstad

SEKKINGSTAD: Streiken i 2017 var utanfor kontora til Sekkingstad på Sotra. Norse Production og seinare Sund Laksepakkeri pakkar fisk for Sekkingstad.

Foto: Cato Kristensen / NRK

– Ein viktig dom for fagrørsla

Advokaten til LO meiner dommen frå tingretten slår fast at grunngjevingane til Sund Laksepakkeri var oppkonstruerte.

Forklaringa til Sund Laksepakkeri og Sund Laks viser seg på ingen måte å halda stikk. Det er godt å få det slått fast så klart.

Bakke meiner saka er viktig for heile fagrørsla, fordi den vernar om retten til å vera fagorganisert og vareta sine interesser kollektivt.

– Det er ein svært viktig dom som sender eit tydeleg signal.

Alle arbeidarane kravde erstatning frå tidspunktet dei meiner dei skulle ha blitt tilsett i mai 2018 og fram til ankefristen i september i år.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) rosar dei polske laksepakkarane og fagrørsla for at dei tok kampen.

– Utviklinga av den marine næringa er viktig for Vestlandet, der ordnede arbeidsforhold er ein føresetnad for å lykkes. All honnør til fagrørsla som har kjempa denne kampen på vegner av både arbeidarar og samfunnet elles. Den kampen viser kor viktig sterke fellesskap er.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon