NRK Meny
Normal

Store brannskader på tomannsbustad

SLETTEN (NRK): Brannvesenet har no kontroll etter at det oppstod brann i ein tomannsbustad på Fageråsen i Bergen. Ingen av dei sju bebuarane er skadde.

Bolighus av tre brenner. Brannmannskaper slukker.

FULL FYR: Ingen av dei sju personanen kom alvorleg til skade i boligbrannen i denne tomannsbustaden ved Sletten. Slik jobba brannvesenet for å slokke brannen. Foto: Ole-Andre Lagmandokk/NRK

Det blei meldt om kraftig røykutvikling og opne flammar i ein tomannsbustad på Fageråsen i Bergen, like før klokka 11.00 tysdag. Då NRK kom til staden etter kort tid sto heile tomannsbustaden i full fyr.

– Eg fekk sjokk då eg såg ut vindauget og oppdaga røyken. Først trudde eg det var skodde, men så såg eg at røyken velta ut frå vindauge og loft, seier nabo Henny Hitland, som bur rett over gata for huset som brann.

Huset ligg 200 meter frå Sletten senter, og politiet dirigerer trafikken på staden.

Brann i Fageråsen

ETTERSLØKKING: Brannvesenet er her i ferd med å sløkkje dei siste flammane, etter nærmare ein times innsats.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

Alle kom seg ut

– Ein trudde lenge at heile huset skulle brenne ned, men no er ein i ferd me å få kontroll, seier innsatsleiar i politiet, Ivar Kvant til NRK.

Ivar Kvant

Innsatsleiar i politiet, Ivar Kvant

Foto: EIVIND PETTERSEN / NRK

Det skal ikkje vera personar inne i huset.

Sju personar bur i huset. Fem personar var i huset då brannen oppstod, desse kom seg ut på eiga hand, seier Kvant.

Politiet ber folk halda seg innandørs grunna røyken.

Laster Twitter-innhold

Ettersløkking

– Det som er meldt inn er at ein har kontroll på dei som bur i huset, det er ingenting som tydar på at det skal vera nokon inne i huset, sa operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Terje Magnussen.

Klokka 11.30 melde politiet om at dei har kontroll på personane i huset, men at ein person er blitt sett til av helsepersonell, ifølge BT.

– Ein person er sendt til sjekk på grunn av inhalering av røyk.

– Naboane har fått beskjed om å halda att dører og vindauge, for å halda røyken ute, seier Magnussen.

Delar av Hagerups veg er stengt grunna brannen.

Tenkjer på familien

Naboen Harem Mohammed er nær venn med familiefaren som eig og bur i det brannråka huset.

– Det er heilt forferdeleg, du kan ikkje beskrive det. Eg fekk telefon om å komme heim og hente ungane, som var redde. Det går bra med oss, men det er ikkje bra for dei som eig huset, seier Mohammed.

Dei som bur i huset er ein familie på fem personar, inkludert ein gut og to jenter.

– Heldigvis kom alle seg uskadd ut, seier han til NRK.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.