Hopp til innhold

Familie huslause etter brann

Det braut ut brann i eit bustadhus på Voss søndag kveld. Bebuarane kom seg uskadde ut, men skadane på huset er så omfattande at dei må finne seg ein anna stad å bu inntil vidare.

Bustadbrann Voss

Det var mykje røyk i bustadhuset då brannvesenet kom fram til staden. Her er mannskap i ferd med å ta seg inn i huset.

Foto: Trond Gothen / 03030-tipser

20140330_210053.jpg

RYKKA UT: Politi og brannkorps på staden.

Foto: Terje Nesthus / 03030-tipsar

– Vi kan bekrefte at det brenn i huset. Personane som bur på adressa, har kome seg ut og står utanfor, fortalde vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen i Hordaland klokka 20.20.

Mannskap frå politi, brannkorps og ambulanse rykka ut til adressa i Rognshagen på Voss, då meldinga kom inn kring 20.15 søndag kveld.

Då dei kom fram kunne dei bekrefte at det kom røyk frå huset og dei kunne høyre brannvarslaren inne i bustaden.

Brann i kjellaren

Klokka 20.38 skriv politiet på Twitter at det brenn i kjellaren på huset. Dei bekreftar også at ingen av bebuarane har kome til skade. Alle kom seg ut då det byrja å brenna.

Laster Twitter-innhold

Driv ettersløkking

Klokka 21.00 fortel brannvesenet til NRK at dei no driv ettersløkking på staden. Skadeomfanget er førebels ukjend.

– Då røykdykkarane tok seg inn i bustaden under brann, fann dei ein hund. Den vart henta ut og er i live, fortel vaktkommandør Torkjell Hjelle ved 110-sentralen i Hordaland.

Har kontroll

Siste frå brannvesenet er at ein no har kontroll etter brannen.Huset er søkt gjennom og alle personane er i tryggleik.

Det går ikkje an å bu i huset, og bebuarane som kom seg ut av huset vil bli innlosjert hjå familie, ifølgje politiet. Årsaka til brannen er ikkje kjend.

Brann Voss

FEKK KONTROLL: Brannmannskap på staden i Rongshagen. Skadane på huset er omfattande, og bebuarane blir innlosjert andre stader for natta.

Foto: Terje Nesthus