Engasjementet lyste av Snorre Skjevrak då han hamra laus mot sitt eige moderparti under Debatten frå Litteraturhuset i Bergen torsdag.
AUF-nestleiaren i Hordaland fekk mange og delte tilbakemeldingar på mobiltelefonen etter utblåsinga.
– «Sterk og klar Snorre, stolt over deg», det er det ordføraren i Sandnes som skriv.
– Her er visst ein som ikkje er så glad i meg: «Eg skammar meg over oppførselen din mot eige parti, du gjorde mange vondt i eige parti, min gode Snorre», les 20-åringen frå mobiltelefonen sin etter sending.
Les òg: Carl i Hagen reagerer på at Frp ikkje stilte til asyldebatten
«Frekkhetens nådegave»
20 åringen som opphavleg kjem frå Rogaland la ingenting i mellom då han under direktesendinga gav statssekretær Pål Lønseth og den raudgrøne regjeringa stryk for asylpolitikken.
– Pål Lønseth har faktisk «frekkhetens nådegave» når han brukar ordet rettferd for å skildra dagens asylpolitikk. Den er grunnleggjande urettferdig, sa AUF-aren under den direktesendte fjernsynsdebatten.
Statssekretær i justisdepartementet Pål Lønseth frå same parti delar slettes ikkje synet til ungdomsspolitikaren.
– Er er veldig usamd i at dette er grunnleggjande urettferdig. Det som er urettferdig er om me konsekvent skal lønna familiar som ikkje følgjer returplikta, seier Lønseth.
VIDEO: Sjå heile Debatten frå Litteraturhuset i Bergen
Farvel til Ap
Nathan Eshete (7) frå Ytre-Arna har vorte det store symbolet på asylbarna som har fått utsendingsvedtak. 450 asylbarn har fått avslag på søknaden om å få vera i Noreg.
Juristen Aina Heldal Bøe, som har engasjert seg tungt i støtteaksjonen for Nathan, er òg medlem i Arbeidarpartiet. Ho vil ikkje røysta på partiet om guten må forlata landet.
Også professor og Ap-medlem Frank Aarebrot sa under debatten tydeleg ifrå om at han vil sitta heime på valdagen om Nathan må reisa frå landet.
Heldal Bøe kjenner seg ikkje att i politikken til partiet sitt, og trur mange vil la vera å røysta på Ap om politikken ikkje vert lagt om.
– Eg trur det, når eg tenkjer på Arbeidarpartiet tenkjer eg på ord som solidaritet og nestekjærleik. Det rimar ikkje når det berre skal gjelda nokre barn og ikkje asylbarn.
– Dei bommar om dei trur denne saka ikkje kjem til å få konsekvensar i valkampen, sa Heldal Bøe til NRK.no etter debatten.
Trufast AUF-ar
Snorre Skjevrak kjem ikkje til å snu ryggen til partiet, sjølv om har er grunnleggjande usamd i asylpolitikken.
– Eg kjem ikkje til å røysta eit anna parti, i alle fall ikkje så lenge det er ein viss form fornuft over politikken til partiet mitt.
Men kva vil du då seia til veljarane?
– Dette er ein avgrensa del av Arbeidarpartiet sin politikk.