Innbyggarane er uroa for kva som kan skje dersom den tikkande miljøbomba byrjar å lekke, fortel Kristine Ruud.
- Vi tykkjer det er skremande. Vi veit jo ikkje kva som skjer, om det kan gå i fisk og liknande, seier Ruud.
Folk på Fedje møtte fredag Kystverket, og ordførar Erling Valderhaug og la fram kravet om at ubåtvraket vert fjerna.
- Me vil ha det fjerna så fort som mogeleg, seier Valderhaug.
Ingen lovnadar
Beredskapsdirektør i Kystverket, Tor Christian Sletner ville ikkje seie noko om når ein vil fjerne det lokalbefolkninga meiner er ei tikkande miljøbombe.
- Men vi er i ferd med å sende over ei anbefaling til fiskeri- og kystdepartementet, seier Sletner som vedgår at det alltid er ein risiko for at noko skal skje medan dei ventar på at noko blir gjort.