Etter at Nærøyfjorden kom på Unesco si verdsarvliste, er det venta storinnrykk av turistar.
- No må sesongen utvidast i begge ender, seier hotelldirektør for Stalheim hotell, Ingrid Tønneberg.
- Turistane kjem
At det kjem fleire folk, er nok liten tvil om. Øygruppa Vega i Nordland vart verdsarvområde for eitt år sidan, og allereie no merkar prosjektleiar Martin Skjefstad større interesse. - Næringslivet melder om klar auke i omsetnaden, seier han.
Må bu seg
Tønneberg på Voss presiserer at ho set stor pris på at Nærøyfjorden har fått status som ein del av verdsarven. Det ho tykkjer er litt skremande er om det ikkje vert lagt skikkeleg til rette for ei auke på 30-40 prosent til området som i dag har kring 400.000 gjestar i året.
- Det må vi alle bruke litt tid på, at vi ikkje forsøplar dette området, men snarare utvikler det kvalitetsmessig.