Hopp til innhold

Fryktar sabotasje etter at sjøhus forliste i fjorden

Leif Tore Xe sat framfor datamaskina då han oppdaga at sjøhuset hans kom siglande på fjorden. No vil han politimelda det uvanlege forliset.

Hus i Eidsfjorden i Vaksdal

GIKK NED: Eigaren av dette sjøhuset håpar tips frå publikum eller politietterforsking kan gi svar på kvifor fritidsbustaden sokk.

Foto: 03330-tipsar

– Det er eit mysterium. Eg har nesten reklamert med at det ikkje kunne søkka, fortel Leif Tore Xe til NRK.

Han er eigar av sjøhuset som natt til sundag losna frå betonglekteren og flaut over ein kilometer av stad på Eidsfjorden i Vaksdal kommune i Hordaland.

Eg reknar med huset er bos. Det er fullstendig riven i fillebitar.

Leif Tore Xe, huseigar

– Finst inga logisk forklaring

Måndag ligg framleis berre skråtaket igjen over vatnet. Korleis det forliste og hamna midtfjords, har Xe vanskeleg for å svara på.

Betonglekteren som huset stod på har dei siste to åra lege hundre meter frå land, festa med eit anker på kvart hjørne.

Natt til sundag har den over 160 tonn tunge lekteren etter alt å døma sokke, trass i at den bestod av det som ifølgje eigaren skulle vera fleire vasstette skott.

Huset har deretter slite seg, stige til overflata og rekt med straumen i fjorden, trur Xe.

– Det finst inga logisk forklaring. Klokka 23 laurdag kveld var det lys i huset. Tolv timar seinare fekk eg eit bilete på Facebook der huset flaut på fjorden.

Hus i Vaksdal

«HODET OVER VANNET»: Politiet fekk fleire meldingar frå forbipasserande som såg den flytande fritidsbustaden. Sundag fekk huseigaren frakta det havarerte huset inn til land.

Foto: Bente Boge

– Sabotasje eller ungdomar på «raid»

Husveggen på den eine kortsida er trykt inn med vel ein meter. Huseigaren trudde først at ein båt hadde treft huset.

– Det tyder på påsegling, men ingeniørar eg har snakka med seier at trykket på botnen kan ha ført til ytterveggen har blitt knust mot fjordgolvet.

No fryktar 43-åringen, som er busett nokre kilometer unna, at nokon har gjort hærverk.

– Eg fryktar det kan vera sabotasje eller ungdomar som har vore på «raid», men det skal uansett ein god del innsats til for å få betonglekteren til å søkkja.

Det har vore gjennom stygt vêr og frost, så eg tvilar på at det søkk av seg sjølv.

Leif Tore Xe, huseigar

Vil melda til politiet

Huset blei sjøsett på Eidsfjorden for to år sidan, men kom i Xe sitt eige i 2013. Då kjøpte han huset frå ein dykkarklubb.

Først låg det fortøydd ved land, men i fjor haust måtte eigaren flytta huset.

Hus i Eidsfjorden

FESTA TIL LAND: Leif Tore Xe vil fjerna vraket tysdag. Då vil ein slepebåt og løftekran gjera jobben med å landsetja sjøhuset enklare, fortel han.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Då sleppte eg å betala grunneigarane noko for å ha det liggjande, seier Xe, som er småkraftentreprenør og har nytta huset som verkstad, fritidsbustad og hybel.

Huset ligg for tida for sal på Finn. Eksteriøret er forsikra, men verktøy, utstyr og innbu får Xe ikkje erstatta. Planen er å få vraket på land tysdag morgon.

– Eg vil melda episoden til politiet, så vil dei vurdera om det kan ha vore andre involverte. Mykje er opp til forsikringsselskapet å vurdera.

Kommunen opplyser til NRK at dei har vore på synfaring på staden, og har forsikra seg om at huset er festa til land. Det skal ikkje vera fare for forureining.