NRK Meny
Normal

Fryktar rekordhøg flo på Bryggen

Ekspertane fryktar rekordhøg flo på Bryggen i Bergen på søndag.

Video Flo på Bryggen

SJÅ VIDEO: Sjøen var nesten oppe på kaien utanfor Skur 8 på Bryggen i føremiddag. Søndag fryktar meteorologane endå høgare vasstand.

Bryggen i Bergen

OPP TIL KAIKANTEN: Så høgt kom sjøen fredag føremiddag.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Vatnet skvulpar heilt opp til kaikanten på delar av Bryggen i Bergen fredag føremiddag, men på søndag skal det bli mykje verre.

Frisør Signy Johannessen trekkjer likevel på skuldrane over varselet om høg vasstand på søndag.

– Dette har vi blitt så vant med, seier ho.

Ho har drive frisørsalong i det utsette området sidan 1998. Difor veit Johannessen at ho må rydda vekk alt som kan bli vått før ho avsluttar arbeidsdagen i dag og i morgon.

Bord, stolar, tepper og andre ting treng ein trygg plass i tilfelle vatnet kjem.

Signy Johannessen

ERFAREN FRISØR: Signy Johannessen har sine triks når vatnet kjem inn i salongen. Olav Tjosås er ein av kundane som tidlegare fått plastposar på beina for å unngå å bli våt.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Kan bli ny rekord

Statsmeteorolog John Ottar Bjørsvik ved Vervarslinga på Vestlandet seier til NRK at Bryggen kan koma til å stå under vatn søndag ettermiddag.

– Vi ventar ein vasstand på 243 cm klokka 12 på søndag. Viss dette slår til, kjem sjøen over kaien på Bryggen, seier Bjørsvik.

Nivået er målt med utgangspunkt i lågaste vasstand. Les meir om dette på nettsida vannstand.no.

– Det er ein prognose, men det er sannsynleg at vasstanden vil bli om lag på dette nivået, seier Bjørsvik.

Dermed kan det bli ny rekord i høg vasstand i Bergen. Den noverande rekorden er frå 1990, då det blei målt ein vasstand på 241 centimeter.

Det er ein kombinasjon av fleire samanfallande faktorar som gjer at vatnet vil stiga såpass mykje. Dei viktigaste årsakene er vind inn mot land, nymåne og at lufttrykket er lågt.

Les meir om uværet "Berit":

Bryggen i Bergen

FARE FOR HØG FLO: Fleire av bygningane ligg lågare enn kaikanten, og er særs utsette viss det blir høg flo.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Plastposar på beina

Frisørsalongen til Signy Johannessen er ein av dei bygningane som er mest utsett for vatn, viss sjøen går over kaikanten. Ho kan alle triksa som finst for å takla problema.

– Eg har stått her og klipt, og hatt vatn til langt oppover leggane, seier ho.

Ho fortel om ein kunde som gjekk og kjøpte seg gummistøvlar for å få gjennomført ein planlagt frisørtime.

– Mange gonger har vi funne fram plastposar som kundane har fått på beina, for at dei skal koma seg tørrskodde ut igjen frå salongen.

Ein av dei som har opplevd dette er Olav Tjosås frå Øystese.

– Ein gong sat eg i frisørstolen og såg vatnet koma rennande. Då fekk eg plastposar på beina, seier Tjosås, som tok episoden med godt humør.

Bryggen i Bergen

UTSETT OMRÅDE: Dette er den mest utsette delen av Bryggen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Betre etter 2006

Det verste året frisøren har opplevd er 2006.

– Det var omtrent som om heile Bryggen skulle drukna. Men då blei det gjort eit omfattande arbeid utanfor her, for å betra situasjonen, seier ho.

Etterpå har dei ikkje opplevd flom fleire gonger, men på søndag kan det skje igjen.

– Det blir spennande. Det blir jo ein prøve på kor godt tiltaka virkar, seier Johannessen.

– Har du nokon gong vore så lei av alt vatnet at du har vurdert å flytta salongen?

– Nei, aldri. Eg likar meg så godt her på Bryggen. Eg var tidlegare på eit kjøpesenter, men det var ikkje på langt nær så bra som her, seier frisøren.

Bryggen i Bergen

FLYTTAR IKKJE: Denne frisørsalongen har Signy Johannessen drive sidan 1998, med alle dei utfordringane vatnet har ført til.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.