Hopp til innhold

Sår tvil om det er nok pengar til Bybanen-planane mot nord

Fylkesrådmannen fryktar at dyre løysingar gjer milliardutbygginga mot Åsane urealistisk, og foreslår å droppa tunnel gjennom Sandviken. – Overraskande, kontrar byråden i Bergen.

Ingrid Holm Svendsen, konstituert fylkesrådmann i Hordaland

VIL HA OMKAMP: Konstituert fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen fryktar bybanetraseen mot Åsane vert for dyr. No relanserer ho dagalternativet gjennom Sandviken.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I januar vedtok eit samla Bergen bystyre korleis Bybanen mot Åsane skal ta seg fram gjennom Sandviken.

Etter årelang debatt, og kraftige protestar frå velforeiningane i Sandviken, landa bypolitikarane på å legga Bybanen i tunnel under dei indre delane av Sandviken.

Deretter skulle bana gå i dagens firefeltsveg vidare mot Noregs handelshøgskole, medan Fløyfjellstunnelen vart forlenga til Eidsvåg.

No sår fylkeskommunen tvil om den økonomiske realismen i planane.

Opnar for dagløysing

Den nye fylkesrådmannen Ingrid Holm Svendsen har nemleg kome med sine innspel til oppstarten av reguleringsplanarbeidet.

Fylkesrådmannen fryktar at bypolitikarane si løysing vil verta for kostbar, og børstar støvet av ein gammal kjenning i bybanedebatten: Å legga Bybanen forbi historiske sjøhus- og gatemiljø i Sjøgaten.

Illustrasjon av forslaget om bybanetrase gjennom Sjøgaten i Sandviken

VIL HA DENNE TRASEEN VURDERT: Fylkesrådmannen foreslår at dagalternativet gjennom Sandviken vert greidd ut parallelt med bergenspolitikarane sitt tunnelforslag.

Foto: Bybanealliansen (Venstre, KrF, SV og Byluftlisten)

– For oss er det avgjerande å bygga vidare på den suksessen Bybanen er, og me er uroa over at kostnadane kan setja ein stoppar for prosjektet. Derfor foreslår me ei dagløysing gjennom Sandviken, seier Ingrid Holm Svendsen til NRK.

Kan ikkje dette føra til nok ein omkamp for bybaneutbygginga mot Åsane?

– Nei, for oss er det viktigaste å få bygd Bybanen vidare til Åsane. I tillegg meiner me at ei dagløysing gjennom Sandviken vil vera meir i tråd med konseptet om at Bybanen skal vera synleg i bybiletet, seier Svendsen.

Bergensbyråd åtvarar mot omkamp

Men byutviklingsbyråd i Bergen, Anna-Elisa Tryti (Ap), ser med undring på innspelet.

– Eit einstemming bystyre klarte å samla seg om den vedtekne traseen til Åsane. Fylkeskommunen bør belita seg, og ikkje legga opp til ein omkamp. Dei var tett på prosessen som føret til vedtaket i bystyret, så det er med undring eg ser dette innspelet, seier Tryti.

Ho håpar fylkespolitikarane vil sjå saka annleis for å unngå nok ein omkamp.

Fylkesadministrasjonen sluttar seg derimot til bypolitikarane sitt vedtak om å forlenga Fløyfjellstunnelen, og å legga bybanetraseen i motorvegtraseen mellom Ytre og Indre Sandviken.

I bompengepakka «Miljøløftet» er det sett av åtte milliardar kroner for å få realisert bybaneprosjektet mot Åsane. Dette vil neppe vera tilstrekkeleg for å få realisert prosjektet, sidan bypolitikarane sitt endelege vedtak truleg er om lag ein milliard dyrare enn tidlegare forslag.

Fryktar nye omkampar

Geir Steinar Dale (Ap), som leiar Komite for miljø og byutvikling i Bergen kommune, likar ikkje det han no får høyra.

– Om det er noko som trugar bybaneprosjektet, så er det alle omkampane. Eg skulle ønskja at alle no kunne samla seg og stå saman om den traseen som har fått eit stort politiske fleirtal i Bergen.

– Men kan ikkje kostnadsnivået vera eit trugsmål mot realiseringa av Bybanen mot Åsane?

– Nei. Eg trur ikkje det. Me må hugsa at me byggjer bybane i eit hundreårsperspektiv. Om ein ser stort på det, er ikkje skilnadane i kostnadar så store, seier Dale.

Geir Steinar Dale

SKEPTISK: Leiar for byutviklingskomiteen i Bergen bystyre, Geir Steinar Dale (Ap), likar dårleg at fylkeskommunen klussar med traseforslaget som vart samrøystes vedteke av bergenspolitikarane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Åtvarar mot økonomisk smell

Tidlegare i år vart bybaneutbygginga mot Fyllingsdalen kraftig barbert fordi prosjektet hadde vorte dyrare enn rekna med. Fylkesrådmannen er klar på at det også mot Åsane vert avgjerande for fylkeskommunen som utbyggjar å ha kontroll på pengebruken.

– Utfordringa er at kostnadsbilete kan verta så krevjande at me ikkje får bygd nokon bybane til Åsane. For å unngå det ber me om at det òg vert greia ut ei bane som unngår dyre underjordiske stopp, seier Svendsen.

Allereie no varslar fylkesrådmannen å fremja motsegn til planarbeidet, dersom kostnadane skulle eskalera.

No er det fylkespolitikarane som skal seia meininga si om saka. Først i samferdsleutvalet neste onsdag.