I «alle» år har Bergen kommune og Helse Vest stått saman om drifta av legevakta i Bergen. Men no seier helseføretaket opp den 27 år gamle avtalen.
Ordninga har fungert slik at pasientar kan komma til legevakta utan å ta omsyn til at det faktisk er to aktørar som driftar legevakta gjennom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
– Vi har ein integrert modell der ein person møter ein legevakt og ei dør. Det at Helse Vest seier opp avtalen er djupt beklageleg, seier ein skuffa helsebyråd, Rebekka Ljosland (KrF).
Store konsekvensar
Grunna utbygginga av Media City Bergen, har legevakta flytta frå Nygård til nye lokale i Solheimsgaten på Danmarks plass. Helsebyråden meiner tidspunktet for å seia opp ein avtale er uheldig.
– Denne oppseiinga vil slik kommunen ser det krevja ei justering av lokala. I framtida kan ein møta to ulike tenester – ei som er Helse Bergen si og ei som er kommunen si. Det kan også føre til at ein betalar to ulike takstar, seier Ljosland.
Fungerande legevaktsjef Torbjørn Hiis Bergh tykkjer også det er leit at Helse Vest no har sagt opp avtalen med kommunen. Han fryktar meir byråkrati og eit dårlegare tilbod til bergensarane som treng hjelp.
– No kan det bli slik at pasientar, til dømes med ein ankelskade, først går til allmennlegevakta der ein lege vurderer at pasienten må bli tilvist til spesialisthelsetenesta for å ta røntgen. Viss røntgenbildet er fint, må vedkommande tilbake til allmennlegen for behandling. Og må derfor betala to eigendelar.
– Eg er redd for at pasienten blir ein kasteball i systemet, seier Hiis Bergh.
Ynskjer klarare grenser
Fagdirektør Baard-Christian Scheem i Helse Vest seier det er på tide å sjå på avtalen med nye auge.
– Avtalen er 27 år. I løpet av den perioden har det skjedd store endringar medisinsk og med organiseringa av helsetenestene. Det er ikkje unaturleg at det er behov for betydeleg revisjon og endring for å tilpassa oss verkelegheita som er i dag.
– Bergen kommune har på ein utmerka måte gjort oppgåver som eigentleg er spesialisthelsetenesta sitt oppdrag. Vi ynskjer at det skal koma ein ny avtale mellom Helse Bergen og kommunen, som klart fortel kva dei to partane skal gjera av tenester og korleis dei skal organisera seg for å sikra seg eit saumlaust tilbod, seier Scheem.
Han legg til at dette ikkje skal gå utover pasientane si oppleving av tilbodet ved Bergen legevakt.
Eitt år oppseiingstid
Hiis Bergh seier samarbeidet fungerer godt slik det er i dag.
– Vi har eit veldig godt samarbeid med ortopedar og dei ulike legane på Haukeland universitetssjukehus. Men vi er redd for ei oppsplitting av fagmiljø og arbeidsmiljø, der vi får to ulike arbeidsgjevarar, seier den fungerande legevaktsjefen.
Kommunen og Helse Bergen har no eitt år på å bli samde om ein ny avtale.
– Vi ynskjer sjølvsagt å få til ein avtale som begge partar kan leva med. Men vi trur altså at dette kan få store konsekvensar for bergensarane, avsluttar helsebyråd Rebekka Ljosland.