Hopp til innhold

– Den varme våren kan ha øydelagt eplehausten

Mattilsynet fryktar at den varme våren gjer at epledyrkarar risikerer pærebrann på frukttrea. Men fruktbøndene vil likevel ikkje setja i gang med tiltak.

Pærebrann

PÆREBRANN: Plantesjukdommen pærebrann kjem av bakterien Erwinia amylovora og angripar pære- og epletre og ein rekke andre plantar i rosefamilien.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Her kan ein sjå at blada byrjar å bli brunråtne og så bøyer skotet seg, seier spesialist på plantesjukdomar Brita Toppe i Mattilsynet medan ho viser ein privat hekk i Bergen som har pærebrann.

Plantesjukdommen pærebrann kjem av bakterien Erwinia amylovora og angrip pære- og epletre og ein rekke andre plantar i rosefamilien.

Det er ein alvorleg sjukdom som vi ikkje vil ha inn i fruktdyrkinga

Brita Toppe, Mattilsynet

– Når ein tar på desse blada så blir eg slimete på fingrane og grunnen er at det er bakterieslim på dei. Biene elskar slikt, så når dei tråkkar i det og flyge til epleblomane, så kan denne bakterien til slutt gå inn i eplet, forklarer Toppe.

Varm vår aukar faren

Varm vår aukar faren for pærebrann på epletrea. I år er Mattilsynet uroa fordi det har vore kraftig pærebrannsmitte midt i epleblomstringa.

Pærebrann

AUKA FARE: I år er Mattilsynet og Brita Toppe uroa fordi det har vore kraftig pærebrannsmitte midt i epleblomstringa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det som er spesielt i år er den tidlege varmen og pærebrann er ein klimaavhengig sjukdom. Og i år så har vi aktiv pærebrann med mykje bakterieslim samtidig som at epleblomane er opne, forklarar Toppe.

Difor ber Mattilsynet hageeigarane om å fjerna prydbuskar som er den største smittekjelda for bakterien. Til dømes i Bergen er det mykje pærebrann fordi det er så mange av prydplantane bulkemispel og pilemispel.

Er ikkje uroa

Men verken Norsk Fruktkontroll eller epledyrkarar i Hardanger fryktar at pærebrannen skal spreia seg til dei store eplehagane i fylket.

– Per i dag så har vi ikkje pærebrann i Hardanger og det er nok ikkje ein stor risiko for at det skal koma hit. Difor er det ikkje nødvendig med nokon spesielle tiltak, seier Endre Bjotveit i Norsk Fruktrådgjeving Hardanger.

– Er det skremselspropaganda Mattilsynet driver på med eller er det ein risiko?

– I år har det vore forhold som kunne gje infeksjon, men det har vore unntaksvis. Det er ikkje noko vi har vore veldig uroa for, seier Bjotveit.

Epledyrkar Geir Henning Spilde i Øystese er heller ikkje nervøs.

– For fruktbøndene så er ikkje pærebrann det som tar livet av oss. Sånn som eg har forstått det så skal det mykje til for å få smitte, seier Spilde.

Fruktblomstring - eple

FRYKTAR IKKJE: Verken Norsk Fruktkontroll eller epledyrkarar i Hardanger fryktar at pærebrannen skal spreia seg til dei store eplehagane i fylket.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Alvorleg sjukdom

Likevel meiner Brita Toppe sjukdomen kan vera truande.

– Når vi har denne klimasituasjonen som vi har i år, så er det stor sjanse for at vi kan få det, seier Toppe.

Eit døme er om kjøper eit epletre frå eit hagesenter i Bergen som er infisert med denne sjukdomen og om den blir tatt med til Hardanger, så kan detta smitta til frukttrea.

– Det er ein risiko som vi ikkje vil utsette oss for, difor så fjernar vi sjuke hekkar og buskar. For det er ein alvorleg sjukdom som vi ikkje vil ha inn i fruktdyrkinga, seier Toppe.