NRK Meny
Normal

Fryktar pærebrann i Hardanger

Mattilsynet i Hardanger går til krig mot prydplantene bulke- og pilemispel.

Pærebrann på prydplante
Foto: NRK

Årsaka er frykta for at plantesjukdommen pærebrann skal spreia seg til frukttrea i Hardanger.

Sjukdommen angrip plantene i blømingsfasen.

Difor skal all bulke- og pilemispel i området skal no hoggast ned.

Spreidde seg i fjor

I fjor blei sjukdommen oppdaga fleire stader i Hordaland, blant anna på Hjellestad og Nygårdshøyden i Bergen og i kommunane Fjell, Sund og Øygarden.

Skrekken blant planteforskarar er at sjukdommen skal spreia seg til Hardanger og øydeleggja frukttrea.

Difor set Mattilsynet no i verk tiltak.

Ribba hagar

-  Me kjem til å ha eit samarbeid med fruktdyrkarane og hageeigarane i Hardanger for å få fjerna all bulke- og pilemispel, seier Arne Valland i Mattilsynet i Hardanger og Voss.

- Vil ikkje hagane bli litt ribba etter at desse prydplantene blir fjerna?

- Jo, det er klart. Men me skal få fagleg hjelp til å føreslå andre planter for hageeigarane.

Støtte frå hagelag

Berit Helgeland er leiar for Kvam hagelag. Ho meiner det er bra at Mattilsynet går drastisk til verks for å hindra pærebrannen i å spreia seg.

- Viss me kan hjelpa fruktdyrkarane til å hindra spreiing så må me jo berre gjera det, meiner ho.

Prydbuskar overalt

Mattilsynet reknar med å bruka heile året på å bli kvitt bulke- og pilemisplene i Hardanger, men heilt utsletta blir nok ikkje dei forhatte prydplantene.

- Dei formeirer seg lett og er overalt i terrenget, fortel Valland i Mattilsynet.

Siste video

13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.
 Programleder Mariann Reikerås