Fryktar ny park blir ny russcene

Naboar til Strax-huset i Bergen fryktar at det nye uteområdet for rusavhengige som blir bygd like ved, blir ein ny, open russcene, skriv BT. – Me fryktar at denne uteplassen vil bidra til at russcena blir verande på Gyldenpris, seier Ann Kristin Ramstrøm, leiar for Initiativ Laksevåg. I lag med 600 naboar kjempar ho for at tilboda ved huset blir flytta til andre bydelar.

Tunnelen ved Strax-huset er tilholdssted for mange av byens narkomane.
Foto: Per Christian Magnus / NRK