Hopp til innhold

Har henta 30 personar etter utbrot av omgangssjukdom

Røde Kors hentar ut sjuke påsketuristar frå hytter på Hardangervidda.

Magesjau på Hardangervidda

HENTA SØNDAG KVELD: Eidfjord Røde Kors Hjelpekorps henta 13 sjuke på Sandhaug søndag kveld. Her er dei kome fram til Dyranut. Vidare går turen heim.

Foto: Ragnar Sæbø, Eidfjord Røde Kors Hjelpekorps

– Det begynte laurdag kveld då vi blei ringt opp frå ei DNT-hytte, der det var nokre som hadde fått utbrot på omgangssjuke. Då henta vi ut åtte personar, og dette har berre blitt fleire i dag, fortel Kent Eivind Vorland, informasjomedarbeider i Hordaland Røde Kors.

Også søndag kveld er ei Røde Kors-patrulje på veg for å henta fleire.

– Det blir akkurat no frakta ut totalt 13 personar med scooter frå Sandhaug turisthytte med mannskaper frå Eidfjord Røde Kors Hjelpekorps. Dei har fem snøscooterar og fem personar i aksjon. Dermed er det per no 29 personar som er blitt henta på grunn av mageproblem, fortel Vorland.

Spy i snøen etter virusutbrudd på Hardangervidda

PÅSKE TIL Å SPY AV: Magevirus herjar i høgfjellet. Det viser godt langs løypene.

Foto: Olav Dale / Privat

I tillegg er ein sjuk turist frakta ut av Hardangervidda av folk på hyttene.

Den Norske Turistforening (DNT) opplyser søndag kveld at fem av dei 30 ikkje skal ha vore sjuke, men høyrt til same gruppe, og dermed fått vera med på snøscooteren.

– Ikkje del do og dusj!

Ifølge DNT har magesjukdommen råka seks ulike hytter på Hardangervidda:

  • Litlos
  • Sandhaug
  • Rauhelleren
  • Kalhovd
  • Krækkja
  • Stigstuv

Alle dei sjuke har hatt symptom med kvalme, oppkast, magesmerter og diaré.

Magesjau i påskefjellet
Foto: RAGNAR SÆBØ, EIDFJORD RØDE KORS HJELPEKORPS

– Dette er noko som smittar veldig. Folk kan kjenne seg bra, men likevel ta med seg smitta frå eine hytta til den neste. Og i og med at det er mange som går frå hytte til hytte i påska, så har det eit potensial til å spreie seg godt, meiner Vorland i Røde Kors.

Kommunelege Torbjørn Bjotveit i Eidfjord fryktar det er norovirus som går. Til Bergens Tidende seier han at dei som er sjuke ikkje må dele toalett og bad med friske.

– Dei må heller ikkje opphalde seg i fellesareal. Dette viruset er veldig smittsamt. Det er ikkje farleg, men veldig plagsamt, seier Bjotveit til avisa.

Isolerte sjuke gjestar

Jarle Viskjer som er styrar på Litlos, seier til NRK at det kom gjestar til dei laurdag som var sjuke då dei kom.

Litlos

– 103 FRISKE HER! Talet på påsketuristar som er smitta av magevirus har stige kvar time sidan laurdag kveld. På Litlos er fleire blitt henta, men søndag kveld melder styraren at alle dei 103 gjestane som no er der, er friske.

Foto: DNT

– Dei blei umiddelbart isolert, fortel han.

Seks personar blei frakta ut av Røde Kors frå Litlos laurdag kveld, medan tre til blei henta søndag morgon. Viskjer fortel at dei no har 103 gjestar på hytta, og at ingen av dei er sjuke.

– Det er svært leit når gjestar på hyttene våre blir sjuke. Vi gjer det vi kan for å ta vare på dei. Dei som er sjuke blir isolerte på eigne rom og får tilgang til eige toalett, seier Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar i DNT Oslo og Omegn.

DNT jobbar no med at smitten ikkje skal spreie seg meir. Dei har innført tiltak om isolering av sjuke, hygiene, vasking av hyttene og handvask.