Hopp til innhold

– Å leggja ned krisesenteret kan kosta liv

Nedlegging av krisesenter over heile landet gjer at fleire kvinner vel å bli i valdelege forhold, meiner Jill Garen.

Jill Garen

- UTRULEG TRIST: Dagleg leiar av krisesenteret på Voss, Jill Garen, meiner det er farleg mishandla kvinner at krisesenteret blir lagt ned. - Det blir fleire og fleire som treng hjelp. Kor skal dei no ta vegen? spør ho.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Eg ser meg alltid over skuldra. Eg går rundt med peparspray i tilfelle han skulle dukke opp. På nattbordet mitt har eg valdsalarm.

«Anne», brukar av krisesenteret på Voss

Denne veka låser krisesenteret på Voss dørene for godt. I over 25 år har fleire tusen kvinner fått hjelp på senteret.

– Det er utruleg trist at vi stengjer. Det er mange som treng hjelp, det blir fleire og fleire. Kor skal dei no ta vegen? Næraste krisesenter vert no i Bergen. For mange vert næraste tilbod fleire timar unna med bil, seier Garen.

Eit liv i frykt

Nedlegginga betyr at det er siste gong «Anne» er på krisesenteret på Voss. Staden vart redninga for ho i ei særs vanskeleg tid.

I over 20 år vart ho mishandla både fysisk og psykisk. Men på krisesenteret på Voss kunne ho kjenne seg trygg.

– Eg har fått hjelp til enormt mykje her. Eit sånn tilbod er enormt viktig, særskilt i akutte situasjonar når alt ein treng er å koma seg i tryggleik, forte ho til NRK.

Ingen set seg på toget mishandla, full av blåmerke.

Jill Garen, dagleg leiar Voss krisesenter.

I tillegg kan ein oppsøka krisesenter for å få hjelp til å melde dei som mishandlar, få hjelp til å finna advokat, få seg hemmeleg adresse eller berre for å ha nokon å snakke med, fortel ho.

Dei siste tjue åra har ho levd eit liv i konstant frykt.

– Eg ser meg alltid over skuldra. Eg går rundt med peparspray i tilfelle han skulle dukke opp. På nattbordet mitt har eg valdsalarm.

– Fleire blir i valdelege forhold

Næraste krisesenter å reise til for dei som nyttar senteret på Voss, vert Bergen. For «Anne» er ikkje det eit godt alternativ.

– Det blir for langt å reise. Eg har høyrt andre her på senteret seie det same.

Dagleg leiar Garen seier ho er sikker på at lang avstand til krisesenter vil gjere at mange kvinner lar vere å oppsøke hjelp.

– Ingen set seg på toget mishandla og full av blåmerke for å reise i fleire timar til næraste krisesenter.

– Det er forferdeleg å tenkja på alle vi kunne hjelpt, men som me no berre må avvise fordi me ikkje lenger har eit krisesentertilbod her. Sånn er det dessverre i resten av landet også.

Skuldar på regjeringa

Fram til ei lovendring kom i 2010 blei krisesentra drivne for statens rekning. Lovendringa gav kommunane driftsansvaret. Konsekvensane av lovendringane kan koste liv, meiner leiar i krisesentersekretariatet, Tove Smaadahl.

– Intensjonen med lovendringa var jo å få eit godt krisesentertilbod. No ser me at stadig fleire senter vert nedlagde fordi kommunane slit med økonomien og ikkje har råd til å driva krisesentra.

Sidan lovendringa kom har senter over heile landet lagt ned; Nord Østerdøl, Sauda, Ytre Helgeland, Lofoten og Voss har alle stengd dørene.

– Kommunane har ansvar

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

IKKJE FEILSLÅTT: Barne-, likestillings- og inkluderingsminister, Solveig Horne, meiner det er kommunane sitt ansvar å sørgje for eit godt tilbod.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Men Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne, seier den nye lova ikkje er feilslått.

– Det har gått bra i ein del kommunar. Me veit at det er nokre kommunar som slit. Men det som er viktig å få fram er at det er sikkert at det treng å vera eit tilbod i kvar kommune. Det er mange kommunar som har slått seg saman og har interkommunalt samarbeid, seier statsråden.

– Då har nokon kommunar fått større senter, medan andre har lagt ned men at dei som treng det har eit tilbod i nabokommunen som er betre.

Ho påpeikar at det er viktig at kommunane er bevisst det ansvaret dei har fått for krisesentra. Det er gjennomført evaluering av krisesentertilbodet og Horne seier dei skal sjå nærare på resultatet av den.

– Viss det vise seg at kommunar no slit med økonomien rundt dette, så vil det visa seg i evalueringa. Det må eg ta med meg når eg skal sjå på om det var riktig å leggja ansvaret inn under kommunane, avsluttar Horne.