Frå nyttår kan det bli meir korttidsutleige av leilegheiter i burettslag.
Mens burettslaga i dag kan krevje at andelseigarar må søkje styret om å få leige ut leilegheita, gir regjeringa sine endringar i eigarseksjonslova frå årsskiftet rett til å drive korttidsutleige i inntil 30 dagar kvart år.
Utgangspunktet for lovendringa var å regulere Airbnb-utleige betre.
Men i fleire burettslag er det ifølgje huseigarforeininga NBBL frykt for at auka korttidsutleige skal skape uro og føre til fleire tjuveri.
– Går ut over tryggleiken
Mange huseigarar ser god butikk å kunne leiga ut nokre dagar eller helger. Andre ser på det som ei plage for bumiljøet.
I Solheim borettslag i Solheimsviken i Bergen har styret sett foten ned med beskjed til alle om at dei ikkje kan godta korttidsutleige.
Dei sa også nei då det kom fleire spørsmål om utleige under sykkel-VM for to år sidan.
– Dette vil gå direkte ut over tryggleiken til dei som bur her. Ein enkel nøkkel gir tilgang til alle inngangsdører i blokka. I tillegg får ein tilgang til ein kjellar med 60-70 buer som er felles for alle, seier styreleiar Per Arne Netland.
Fryktar innbrot
Han fryktar både tjuveri og innbrot når uvedkomande får fri tilgang på fellesareal dei ikkje skal ha tilgang på.
– Dei som bur her lagrar mange ting i buene i kjellaren, også ting av verdi. Og det er ingenting i den nye lova som tar omsyn til dette. For oss er tryggleiken det viktigaste, og den tek regjeringa frå oss med å vedta denne loven, seier han.
– Kunne dette ha blitt løyst ved at leigetakarar fekk nøklar som ikkje gir tilgang på fellesareal?
– Då måtte vi ha skifta heile låsesystemet. Med 245 leilegheiter ville det blitt ein uhorveleg kostnad for oss, seier Netland.
Ikkje lov å nekte
Direktør for interessepolitikk og jus i Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL), Henning Lauridsen, stadfestar at burettslag etter 1. januar ikkje kan nekta nokon av dei som bur der å driva korttidsutleige.
– Nei, det kan dei ikkje. Dette er ein rett for eigaren, så dersom han eller ho held seg under 30 døgn i året, og leigetakaren oppfører seg ordentleg, kan ikkje burettslaget seie nei.
Heller ikkje tilgangen til garasje, trimrom eller kjellar kan stengast av for leigetakarar, seier Lauridsen.
– Frå årsskiftet kan ikkje styret nekta det. Dersom eigaren har tilgang til garasjen eller ein kjellar, så vil leigetakaren også ha det. Ein kan gjerne oppmoda eigaren om å droppa nøkkelutlevering til garasje, men styret kan ikkje laga reglar om dette.
– Ein god balanse
Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Thorleif Fluer Vikre (Frp) er ikkje uroleg for tryggleiken.
– Eg trur ein uroar seg for mykje på forskot, seier Vikre.
Han viser til at ein i dag kan leige ut med styregodkjenning, og at leigetakarar difor allereie har tilgang til fellesareal.
– Dette er eit ganske moderat frislepp. 30 dagar er ikkje så mykje, men det gir andelseigarar høve til å ta del i delingsøkonomien.
Vikre er ikkje samd i at lovendringa er å ta for mykje av sjølvråderetten frå styra.
– Det er sjølvsagt ein grensegang mellom kor mykje ein sjølv skal kunne bestemme og kor mykje fellesskapen skal bestemme, men eg synest dette er ein god balanse, seier statssekretæren.