NRK Meny
Normal

Fryktar liv kan gå tapt på Finse

Hyttefolket på Finse er uroa for tryggleiken når NSB lèt Noregs høgstliggjande stasjon stå ubemanna frå 1. oktober. – Me trur det vil skje ulukker.

Finse stasjon

UBEMANNA: Frå 1. oktober møter reisande stengd billettluke på Finse stasjon. Stasjonsmeisteren på Finse vert vond å mista for hyttefolket.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Me har avverja mange situasjonar der me har rådd folk frå å setja ut på tur fordi dei er for dårleg kledde. Me er redde liv kan gå tapt, seier stasjonsmeisteren på Finse stasjon.

I dag kan Egil Kolbjørnsen hjelpa reisande som kjem over fjellet frå Hallingskeid i vest og Ustaoset i aust.

Stasjonsmeisteren har hjelpt reisande som Eili Sponheim i to tiår, men frå 1. oktober blir billettluka på Finse lukka for godt.

Billettluka på Finse stasjon blir lagt ned

SNART SLUTT: Eili Sponheim får hjelp av stasjonsmeister Egil Kolbjørnsen til å skriva ut billetten sin. Frå 1. oktober vil NSB ikkje lenger bemanna Finse stasjon.

Foto: Hallgrim Hals / NRK

– Eg tykkjer det er ille. No er det vel ikkje Jernbanen som skal passa på folk, men ein har eit ansvar når ein har lagt sporet her, seier Sponheim.

– Kan bli fatalt

Gjennom tjue somrar og vintrar har stasjonsmeisteren pakka bagasje, svara på spørsmål frå reisande og stansa tynnkledde turistar på veg inn på høgfjellet.

– Det er dårleg dekning i området, og her er ingen å få tak i. Eg er redd det vil skje noko her.

Egil Kolbjørnsen på Finse stasjon

VARIASJON: Å vera stasjonsmeister inneber meir enn å sitja i billettluka. Egil Kolbjørnsen er både gaid og postmann. Om to veker gir han seg på Finse.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Den frykta deler leiaren i Finse hytteforeining.

– Me vil sjå situasjonar her oppe som kan bli farlege. Responstida på hjelp vil auka med mange timar frå det me er vane med. Det kan bli fatalt, seier Nina Monssen, som representerer rundt hundre hytteeigarar.

Dei er heilt avhengige av NSB for å koma seg til og frå fjellet.

Monssen meiner avviklinga av billettluka er svært dramatisk for det veglause samfunnet mellom aust og vest. Ho meiner posisjonen gjer Finse unik, og gjer NSB etisk ansvarleg for tryggleiken til dei som til ei kvar tid vert skyssa inn med tog.

– Når dei har lagt toglinja over høgfjellet, har NSB eit samfunnsansvar for dei som dei som dei transporterer opp hit. Då kan ein ikkje gjera den viktigaste infrastrukturen ubemanna.

Finse stasjon

UROA: Nina Monssen er leiar i Finse hytteforeining. Ho er uroa for kva som kan skje når Finse stasjon vert ubemanna.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Jernbaneverket har ansvaret

Sals- og marknadsansvarleg i NSB, Henning Lirhus viser til at det er Jernbaneverket som er ansvarleg for tryggleiken på perrongen. NSB sitt ansvar avgrensar seg toget.

– Uavhengig av om billettkontoret vert lagd ned, så vil ansvaret ligga hjå fleire aktørar på Finse. Samfunnet har ei stor utfordring skulle det skje ting, men ho er me budde på å løysa.

Monssen meiner NSB definerer seg ut av ansvaret.

– NSB er statleg eigd og staten bør ta ansvar for eit samfunn som er bygd opp rundt jernbanen, seier Monssen.

Finse 1222

VINTER: Slik kan det sjå ut på Finse midtvinters. No er det dei tilsette ved hotellet Finse 1222 som har fått tryggleiks- og beredskapsansvaret.

Foto: Jan-Børge Leirvik / NRK

Hotellet tar over

Både samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og NSB viser til at det er Jernbaneverket og hotellet Finse 1222 som skal ta over ansvaret for tryggleik og beredskap.

Men også hotelldirektøren trur tryggleiken og avviklinga på Finse stasjon vil verta problematisk.

Maren Skjelde

PROBLEMATISK: Hotelldirektør ved Finse 1222 trur det vil verta problematisk når hotellet skal ta over tryggleiks- og beredskapsoppgåver frå stasjonsmeisteren.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Når situasjonen er som han er, er det heilt opplagt at me må vera med å finna gode løysingar. Me vart ikkje spurt om kor vidt me ynskte denne ordninga eller ei. Eg trur absolutt at det vert problematisk, seier Maren Skjelde ved Finse 1222.

Det trur også Monssen.

– 1222 har ikkje kapasitet til å handtera tryggleiken til det talet turistar som vitjar Finse kvart år.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo