NRK Meny
Normal

– Eg har bråvakna om natta og tenkt på kva vi skal gjera med ubåten

Meir enn åtte år har gått sidan ubåten U-864 blei funnen rett utanfor Fedje, men fortsatt veit ingen kva som skal skje med miljøbomba. – Heilt klart den aller vanskelegaste saka eg har, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Ubåten ved Fedje

KVIKKSØLV: Her ligg ubåten med 65 tonn kvikksølv i rustne stålflasker.

Foto: Geoconsult/Kystverket/Scanpix

– Hadde vraket blitt funne i Oslofjorden, så ville det vore fjerna for lenge sidan, seier butikkekspeditør Kristine Ruud på Fedje.

Mens stålflaskene med kvikksølv rustar meir og meir, veks frustrasjonen på Fedje. Men på regjeringskontora i Oslo fryktar dei at ein forhasta hevingsoperasjon kan enda i ein miljøkatastrofe. Mange spør seg om tildekking kan vera eit tryggare alternativ?

Sidan 2003 er det blitt produsert bunkevis med rapportar. Vedtak er gjort, og seinare omgjort. Stortinget har hatt den eine høyringa etter den andre. Fortsatt er det ingen som kan gje svar på korleis og kor raskt ein har ei løysing på kvikksølv-problemet på Fedje.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fedje i Nordhordland

FEDJE: Vraket ligg rett vest for Fedje i Hordaland.

Foto: NRK

På Fedje er folk i ferd med å byta kalendar til eit nytt år. Det har dei gjort mange gonger sidan ubåten blei funnen, stadig med håp om å få vekk ubåten og kvikksølvet.

No er spørsmålet om det er dette året dei skal få det endelege svaret.

– Det har sjølvsagt vore frustrerande at det går så lang tid. Det er klart det må undersøkjast og lagast rapportar. Men med vanleg sunt bondevett syns vi det har vore unødig mange rundar, seier Lisbeth Stuberg i den lokale folkeaksjonen for heving av kvikksølvet i ubåten.

Saman med Marie Karlsen og Reidun Moldøen i folkeaksjonen har ho sett seg ned med kaffi og pepperkaker for å gjera opp status når endå eit år går mot slutten.

Folkeaksjonen på Fedje

KREV FORTGANG: Dei tre frontfigurane i folkeaksjonen på Fedje krev fortgang i arbeidet med å fjerna miljøbomba. Frå venstre Marie Karlsen, Lisbeth Stuberg og Reidun Moldøen.

Foto: Åge Algerøy / NRK
Utsikt over havet ved Fedje

HER LIGG UBÅTEN: Frå minnesmerket etter Deep See Driller-havariet ser ein utover havet der ubåten ligg om lag to nautiske mil frå land.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Dei tre kvinnene er spesielt opptatt av at ubåten og kvikksølvet ikkje berre er eit problem for Fedje, men at det er eit nasjonalt og internasjonalt problem.

– Det er ei kjempestor miljøbombe der det ligg. Det vil få fatale følgjer på mange måtar viss kvikksølvet kjem ut i økosystemet, seier Stuberg.

Ho påpeikar blant anna at Norge kan få eit dårlegare omdømme som fiskerinasjon viss ein ikkje får kvikksølvet vekk.

– No må det koma ei avklaring. Vi får tru at dei greier å få farten opp no, seier Stuberg.

Folkeaksjonen nektar å tru på andre løysingar enn heving av kvikksølvet eller heile ubåten.

– Men viss det blir tildekka?

– Skulle så vera, så er ikkje siste ord sagt frå oss, seier Stuberg.

Butikken på Fedje

HAR GÅTT LEI: Ekspeditør Kristine Ruud (t.v.) i butikken på Fedje seier mange er lei av at dei som bestemmer ikkje høyrer på kva folk på Fedje meiner.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Matkroken er den einaste butikken på den vesle øya. Der har ekspeditør Kristine Ruud tatt pulsen på kva folk på Fedje er opptatt av dei siste 13 åra.

– Det virkar som folk har gått litt lei i ubåtsaka no i det siste. Folk har mista trua på dei som bestemmer, fordi dei ikkje høyrer på oss, seier Ruud.

Ein av kundane vi snakkar med fryktar at saka i realiteten er avgjort, med det som i hans auge er feil konklusjon.

– Eg reknar med at det blir tildekking, seier mannen.

Butikkekspeditøren meiner det er på høg tid å gjort noko med kvikksølvet før det blir ein større lekkasje frå dei rustne stålflaskene.

Men ho fryktar at også 2012 vil gå med før noko er endeleg bestemt.

– Dei må vakna. No byrjar det å hasta. Men eg er redd for at det ikkje kjem noko avklaring til neste år heller, seier Ruud.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Vi arbeider no med kvalitetssikring av prosjektet, som er rutine i alle større saker, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen til NRK.

Ho vedgår at det har tatt lang tid, men seier det har vore nødvendig å bruka mykje tid.

Lisbeth Berg-Hansen

MINISTER: Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Eg skulle gjerne sett at vi hadde løyst denne saka før, men dette er ein frykteleg krevande operasjon. Dette er noko som aldri har vore gjort før nokon stader i verda. Krava til tryggleik må takast på største alvor, og derfor har det tatt tid. Det ville vore uansvarleg å ikkje gjera dette grundig, seier ho.

Berg-Hansen fortel at det gjorde eit sterkt inntrykk å møta folk på Fedje, og høyra kor urolege dei er. Etter besøket hausten 2010 opplevde ho fleire gonger å vakna opp om natta.

– Det har hendt at eg har vakna brått om natta og min første tanke har vore kva vi skal gjera med ubåten utanfor Fedje. Dette er heilt klart den aller vanskelegaste saka eg har. Viss vi set i gang noko som blir mislykka, så vil det rett og slett vera ein katastrofe, seier ho.

Viss vi set i gang noko som blir mislykka, så vil det rett og slett vera ein katastrofe

Lisbeth Berg-Hansen, fiskeri- og kystminister

Ministeren avviser blankt at det har hatt noko å seia for framdrifta at det er langt frå Oslo til Fedje.

– Eg kan garantere at saka ville blitt handtert på same grundige måte uansett kor i landet dette hadde skjedd, seier ho.

Statsråden seier ho ventar på ein ny rapport som skal koma på nyåret, og meiner det bør vera håp om ei endeleg avklaring i løpet av 2012.

– Eg skal i alle fall gjera det eg kan for at vi skal lukkast med å få ei avklaring i løpet av året, seier ho.

Video Slik kan ubåten ved Fedje hevast

SJÅ VIDEO: Sjå korleis ubåten ved Fedje kan hevast.

På brua om bord på ferje mellom Fedje og fastlandet møter vi tidlegare ordførar Erling Walderhaug. Han er pensjonert ferjekaptein, men tar plass i førarsetet innimellom, når det er behov for ekstrahjelp.

Han var ordførar då ubåtsaka blei kjent i 2003, og har arbeidd mykje med saka.

Walderhaug har blant anna vore i Oslo saman med den lokale folkeaksjonen for å få sentrale politikarar til høyra på lokalbefolkninga. Heime på Fedje har han tatt i mot besøkjande politikarar, pressefolk, miljøvernarar og andre som har interessert seg for saka.

No meiner han det er på høg tid å få kvikksølvet vekk.

Erling Walderhaug

EKS-ORDFØRAR: Erling Walderhaug er ringevikar på ferja og var ordførar i Fedje då ubåtsaka blei kjend. Han krev at 'skiten' må vekk.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Walderhaug seier at fleire norske politikarar skal ha visst om lasta med kvikksølv så tidleg som i 1999, ifølgje ei bok av Hans-Joachim Schilde .

Den frittalande og tydelege eks-ordføraren på Fedje har tidlegare gått hardt ut mot tildekking.

– Det er som om eg skulle hatt ein dunge med møkk på plenen min og berre breia over den, sa han til NRK i november 2008.

– Eg må seia som eg har sagt før: Skiten må vekk, seier Walderhaug.

Inntil vidare må han og dei andre på Fedje smørja seg med tolmod fram til neste rapport om ubåtsaka er venta utpå nyåret.

Her kan du lesa meir:

Video Minister besøkjer Fedje hausten 2010

SJÅ VIDEO: Klar melding til fiskeri- og kystministeren då ho besøkte Fedje hausten 2010.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.