Hopp til innhold

– Trur me er blant dei tryggaste under OL

Skøytelandslagstrener Jarle Pedersen føler seg sikker på tryggleiken under OL i Sotji etter terroråtak 70 mil frå OL-byen.

Jarle Pedersen

IKKJE SKREMT: Skøytelandslagstrenar, Jarle Pedersen, føler seg ikkje utrygg framfor OL i Sotji i februar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

I løpet av eit knapt døgn har to terroråtak råka Volgograd i Russland. Det første åtaket råka den sentrale jernbanestasjonen, medan den andre bomba gjekk av på ein buss.

Terroråtaka skjer knappe fem veker før OL, og åtaka har vekt bekymring for tryggleiken under leikane også blant norske utøvarar.

– Me er nok blant dei tryggaste

Men trass i åtaka, føler skøytelandslagstrenar Jarle Pedersen at tryggleiken rundt utøvarane er meir enn god nok.

– Eg føler at me nok er blant dei tryggaste der me skal vere. Alle skøytekonkurransar skal vere innanfor sikra område i OL-landsbyen. Me blir henta når me landar i Sotji, og me veit at området der me skal opphalde oss er under strengt vakthald, seier Pedersen til nrk.no.

LES MEIR: PST reiser med OL-troppen til Sotsji | Bjørgen skremt etter terroraksjonen

Jarle Pedersen og Sverre Lunde Pedersen

Son til Jarle Pedersen, Sverre Lunde Pedersen, er blant utøvarane som er tekne ut til å delta under leikane i februar.

Foto: Jan-Christian Nordahl

Landslagstrenaren har ikkje rekt å snakke med utøvarane som skal til OL i februar om terroråtaka i helga, men reknar med at det vert eit tema når dei samlast på laurdag.

Son til landslagstreneren og OL-håp Sverre Lunde Pedersen, seier til nrk.no at heller ikkje han fryktar for tryggleiken rundt leikane.

– Me skal halde oss inne i deltakarlandsbyen der det er eit strengt tryggleiksopplegg, så eg er ikkje uroa.

– Kva tenkte du då du høyrde om terroråtaka?

– Det er forferdeleg å tenkje på alle dei uskuldige liva som har gått tapt.

Lunde Pedersen håpar at leikane kan gå som normalt, og at åtaka og trugslane ikkje vil leggje ein dempar på arrangementet.

– Det hadde vore forferdeleg trist.

Vil halde seg innanfor sikra område

– Me forventar sjølvsagt at det er eit skikkeleg tryggleiksopplegg rundt leikane, men det veit me òg at det er, seier Pedersen.

Dei har vore i fleire møter med Olympiatoppen, der mellom anna PST har vore til stades. Der har utøvarar og trenarar vorte forsikra om at samarbeidet med russisk tryggleikspoliti er godt, og at tryggleiken er på topp under leikane. Likevel tek dei ingen sjansar.

– Me kjem ikkje til å reise rundt i byen eller til andre stader. Me kjem heile tida til å opphalde oss innanfor område med vakthald medan me er der borte, seier Pedersen.

Bussbombe i Volgograd

Redningsarbeidarar på staden der bussbomba eksploderte.

Foto: STRINGER / Reuters