Hopp til innhold

Turistane lar seg ikkje skremma av norsk terrorist

Turistmarknaden reagerte spontant på terrorangrepa i Oslo, men avbestillingane stoppa då det viste seg at det var ein nordmann som stod bak.

Kjosfossen på Flåmsbana

Kjosfossen er noko av det reisande på Flåmsbanen vår sjå.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eit av dei mest populære reisemåla her i landet, «Norway in a nutshell», fekk fleire avbestillingar etter terrorhandlingane på Utøya og i Oslo. Men avbestillingshysteriet blei kortvarig.

– Den helga det skjedde fekk me ein del meldingar frå bekymra reisande, særleg frå USA og Asia. Dei ville avbestilla Noregsferien sin, seier marknadsansvarleg Linda Kragseth.

Roande at ingen organisasjon stod bak

Då det blei kjent at det ikkje var Al Qaida eller ein terrororganisasjon som stod bak var også frykta borte.

– Det kom ganske tidleg ut at dette var ein norsk nordmann som stod bak, og at det er ein enkeltperson og ikkje er nokon organisasjon som står bak, seier Kragseth.

– Det er berre ein galning som gjorde det. Viss det var ein stor organisasjon bak ville det ha vore meir skremmande, fordi dei kunne hatt planar om fleire gongar, meiner nederlandske Phillip van der Low.

Hallingskeidbrannen har påverka meir

Van Der Low er på ferietur i Noreg saman med kompisane, og skal blant anna reisa med Flåmsbanen.

I fjor reiste ein halv million turistar med Flåmsbanen, og det ser ut til å blir like mange i år.

– Terroraksjonen er forferdeleg tragisk. Men viss ein tenkjer berre på det å reisa i Noreg og infrastrukturen, så har faktisk brannen på Hallingskeid hatt mykje større påverknad på våre turar enn det terroraksjonen har hatt, seier Linda Kragseth.

LES OGSÅ:

Håpar reiselivsekspert vil gi omtale

Men nokre amerikanarar er framleis avventande. Reisebyrået The Travel Designer som held til i Bergen jobbar mot velståande amerikanarar. Dei har opplevd at fleire har avbestilt Osloturar.

Reisebyrået håpar eit besøk frå ein av USA sine leiande ekspertar innan reiseliv vil snu dette, og har invitert CNN-eksperten Martin Rapp til Noreg. Han skal besøka både Aust- og Vestlandet og reisebyrået håpar på positiv omtale.