Fryktar idretten får svi for AdO-budsjettsprekk

Ado Arena blei 400 millionar kroner dyrare enn forventa. No fryktar mange at dei resterande idrettshallane i Bergen må svi for utlegget. Følg den direktesende #bergensdebatten her frå klokka 18.45.

Ado Arena blei 400 millionar kroner dyrare enn forventa. No fryktar mange at dei resterande idrettshallane i Bergen må svi for utlegget. Sjå #bergensdebatten her.

#BERGENSDEBATTEN: I kveld møtes politikarar og representantar frå idretten for å diskutere stoda til symjehallar og idrettsanlegg i Bergen. Følg debatten frå 18.45 på nrk.no/hordaland.

Opninga av Ado Arena har utløyst ein større debatt om idrettsanlegg i Bergen.

ADO Arena

DALE OEN: Ado Arena har ein førebels prislapp på 1 milliard og 61 millionar. Billettprisane for eit årskort er 4800 kroner i månaden for vaksne, og 2800 kroner for barn.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Symjehallen blei 400 millionar kroner dyrare enn forventa, og har no ein førebels prislapp på 1 milliard og 61 millionar. Hadde byrådet visst dette på førehand, hadde det aldri blitt bygd, sa finansbyråd Liv Røssland til NRK like før opninga av symjehallen i oktober.

Men det er ei fattig trøyst for resten av idretten i Bergen. Dei andre idrettshallane i byen trenger vedlikehald for nesten ein halv milliard. Kring om i bydelane fryktar også for framtida til andre lokale svømmeanlegg, samt at prisnivået i Ado Arena skal gjere at mange rett og slett ikkje har råd til å bruke det.

«Symjehall og pengetørke»

Stoda og framtida til idrettsanlegga i Bergen er tema for #bergensdebatten i kveld. Frå klokka 18.45 kan du følgje debatten «Symjehall og pengetørke» på nrk.no/hordaland, direkte frå Litteraturhuset i Bergen.

Oddgeir Øystese

BERGENSDEBATTEN: I kveld kan du følgje #bergensdebatten frå Litteraturhuset i Bergen, direkte hos nrk.no/hordaland. Oddgeir Øystese leier debatten.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

– Mange meiner allereie sjå at bygginga av ADO arena går ut over resten av idretten i Bergen. Både dei som likar å svømme og dei som speler fotball eller driv med anna idrett, seier Oddgeir Øystese som leiar debatten i kveld.

LES OGSÅ: Må bytte tak før svømmehallen er ferdig

– Ein stenger ned svømmehallar og får kortare opningstider. Sentralbadet er borte. Så får ein eigentleg eit betre tilbod? Er det berre dei som har pengar og ein romsleg økonomi som kan bruke det? Det er mange spørsmål og kritiske røyster til anlegget og til idrettspolitikken i Bergen, seier han.

Følg #bergensdebatten i kveld

#Bergensdebatten er eit samarbeid mellom NRK, BT og Norsk forum for arkitektur og design.

I panelet stiller representantar frå bergenspolitikken og frå idretten:

  • Helge Stormoen, byråd for kultur, næring, idrett og kyrkje (Frp)
  • Oddny Miljeteig, nestleiar i komite for idrett, kultur og næring (SV)
  • Hans Dankertsen, dagleg leder Fana IL
  • Morten Urdal, dagleg leder Delfana
  • Terje Valen, styreleder Idrettsrådet i Bergen

Panelet blir utfordra av kommentatorar frå salen.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.