Hopp til innhold

Føreslår å fjerne villreinområde: – Bit for bit tar vi plassen til reinen

RØLDAL (NRK): Grunneigarar vil ha meir aktivitet i nasjonale villreinområde. Villreinforkjemparar fryktar hyttebygging i sårbare fjellområde.

Reinsdyr i kamp på Forollhogna
Foto: Sindre Skrede / NRK

Hardangervidda husar den største villreinflokken i Noreg, og blir forvalta gjennom eit samarbeid mellom Hordaland, Buskerud og Telemark fylkeskommunar.

I det nye forslaget til regional plan for Hardangervidda (ekstern lenke) er seks område i Odda og Ullensvang føreslått endra frå villreinområde til mindre strenge område.

– Vi er kritiske til at ein allereie no vil gjere om villreinområde til mindre restriktive soner, seier fagkonsulent Anders Mossing ved Norsk Villreinsenter Sør.

Jan Øvregård ser ut over Valldalen i Odda

UROA: Villreinforkjempar Jan Øvregård er meiner det er uheldig at delar av villreinområdet i Valldalen i Røldal skal bli gjort om til stølsområde.

Foto: Tale Hauso / NRK

Opnar opp for utbygging

Eitt av områda er Valldalen i Røldal. Det er i dag nasjonalt villreinområde, men grunneigarane har ynskja å endre området til stølsdal.

– Tar ein litt her og litt der blir forholda dårlegare for reinsdyra, seier villreinforkjempar Jan Øvregård, som fryktar at konsekvensen vil bli fleire hytter i dalen.

Forslaget vil opne opp for meir aktivitet og ein viss grad av utbygging – som hytter, vedgår Hordaland fylkeskommune.

– Det er jo ingen hemmelegheit at ein bit-for-bit-nedbygging av sårbare naturområde er ei stor utfordring. Sånn sett må ein vere varsam med kva for sårbare fjellområde ein ynskjer å gjere om, seier Snorre Waage, som er seniorrådgjevar i planavdelinga.

Alpinanlegg i villreinområde

Utbygging i og nær villreinområde har også skapt debatt tidlegare i vår.

I april fekk Eidfjord Resort grønt lys frå Kommunal- og regionaldepartementet til å byggje ein alpinlandsby i Sysendalen i Eidfjord, sjølv om det var i strid med den gjeldande regionale planen.

Alpinlandsbyen Eidfjor Resort på Hardangervidda, illustrasjon
Foto: Illustrasjon / Eidfjord Resort

Det inneber bygging av over 500 hytter og leilegheiter, samt næringsbygg, fleire stolheisar, T-trekk, barnetrekk og skøytebane.

Delar av anlegget kjem inn under omsynssona til villreinen på Hardangervidda. Departementet har difor bestemt at den øvste heisen i skianlegget må stenge i kalvingstida til villreinen.

– Ikkje i konflikt

Grunneigarlaget i Røldal avviser at det er planar om hytteutbygging i Valldalen.

– Det er ingen slike planar, og det er få område her som er eigna for hytteutbygging fordi dalen er vanskeleg tilgjengeleg delar av året, seier formann Olav Rabbe.

Valldalen blei eit villreinområde i 2011, men ifølgje grunneigaren kjem villreinen berre ned i dalen ein kort periode på våren.

– Vi ser difor ikkje at det er nokon konflikt mellom stølsdrift og reinsdyra her.

Valldalen og stølen Kjømberget

STØL: Det har vore stølsdrift i Valldalen lenge, noko grunneigarane ynskjer å halde fram med. Dalen er også utsett for skred og vanskeleg tilgjengeleg delar av året, og eignar seg difor dårleg for hytteutbygging, meiner laget.

Foto: Olav Rabbe / Privat

Bør gi om ein tar

Norsk Villreinsenter Sør meiner ein må finne stader ein kan utvide om ein tar frå andre delar av nasjonalt villreinområde.

– Det har vore ei rikspolitisk målsetting om å stoppe bit-for-bit-forvaltninga som både Hardangervidda og andre norske fjellområde utsettast for, påpeikar fagkonsulent Anders Mossing.

Og i Telemark går ein motsett veg. I Tinn og Vinje kommunar anbefaler ein å utvide villreinområdet fleire stader.

– Om ein tar ein bit av det nasjonale villreinområdet i eit område, bør det vere fordi området toler det. Og parallelt bør ein tenke på kor ein kan gje noko tilbake i eit område reinsdyra kanskje har endå større behov for.

Forslaget til ny regional plan for Hardangervidda kjem ut på høyring i alle dei tre fylka i løpet av våren.