NRK Meny

Fryktar for pasienttryggleiken

Tillitsvalde og hovudverneombodet i Helse Bergen fryktar for tryggleiken til pasientane når Haukeland universitetssjukehus må kutte mellom 150 og 200 millionar neste år, skriv BT. Dei tilsette opplever eit krav om at det kvart år skal behandlast fleire pasientar til lågare kostnader. Direktøren ved sjukehuset seier at han forstår at dei tilsette er uroa, men at han meiner dei har laga eit budsjett som sikrar tidleg diagnostikk og behandling.