Hopp til innhold

Fryktar folket snart får nok: – Må få betre betalt for å seia ja til oppdrett

Hardanger-ordførar meiner norske kommunar må få langt betre betalt for å opna fjordane for oppdrett og ber oppdrettsnæringa endra taktikk.

Demonstrasjon i Norheimsund mot oppdrettsplanar i Hardanger

DEMONSTRASJON: Fleire hundre innbyggjarar i Kvam protesterte då kommunen valde å opna fleire areal for oppdrett i Hardangerfjorden. Ordføraren fryktar misnøye om ikkje folket får betre betalt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fleire innbyggjarar protesterte då politikarane i Kvam i haust opna eit nytt areal for oppdrett i Hardangerfjorden.

– No er me metta. Me har nok anlegg i fjorden, sa Ingrid Laupsa Tjosaas, ein av initiativtakarane til protestane, til NRK i oktober.

Kvamsøy i Hardanger tatt frå Aksnes i Kvam herad

KVAMSØY: Til høgre for øya Kvamsøy har Kvam herad no opna areal for akvakultur. Oppdrettsselskapet Lingalaks har planar om å fjerna to anlegg, og samla dei i eit visingsanlegg midtfjords mellom Kvam og Jondal.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Ei utfordring næringa bør ta på alvor

Motstanden viser at veksten i oppdrettsnæringa har sin pris, meiner ordførar i Kvam, Torgeir Næss (Ap). Han fryktar konflikten mellom naturinteresser og næringsliv vil tilspissa seg i lys av styresmaktene sin ambisjon om ei femdobling av matfiskproduksjonen fram til 2050.

– Det verkar som at mange byrjar å bli mette. Det er mogleg dei ikkje ser alle fordelane me har med oppdrett, som skatteinntekter og arbeidsplassar, men anlegga byrjar å bli mange etter kvart.

Næss meiner oppdrettsnæringa burde driva lobbying mot styresmaktene for at ein større del av skatten oppdrettarane betalar, går til kommunen.

Det vil skapa mykje meir forståing lokalt for å leggja ut nye område til oppdrett.

Torgeir Næss (Ap)

MOTSTAND: Kvam-ordførar Torgeir Næss (Ap) opplever at ein del av innbyggjarane er i ferd med å bli metta på oppdrettsanlegg i fjorden.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Oppstand mot skatteforslag

Bransjeorganisasjonane har gått knallhardt ut mot den føreslåtte grunnrenteskatten som Havbruksskattutvalet la fram i november.

Fleire aktørar har åtvara mot utflagging og at skatten vil føra pengar bort frå distriktskommunane.

Næss og Arbeidarpartiet støttar ikkje framlegget. Men Hardanger-ordføraren meiner kommunane må få eit større utbyte av skatteinntektene.

Viss ikkje, risikerer ein at fleire kommunar gjer som Tromsø og seier nei til fleire opne oppdrettsanlegg i fjordane, meiner Næss.

– Me ser andre stader i landet at kommunane nektar å legga ut areal til oppdrett, fordi dei ikkje kan sjå at dei får noko att. Næringa bør sjølv gå inn for at kommunane som opnar for oppdrett, skal ha ein større del av inntektene.

Halv milliard i selskapsskatt

Oppdrettsfirmaet Lingalaks har planar om å utnytta det nyaste oppdrettsarealet i Hardangerfjorden.

I 2018 hadde selskapet ei omsetning på 540 millionar kroner, og har sidan 2016 betalt nesten tilsvarande sum i selskapsskatt til staten.

På same tid har Lingalaks «berre» generert nokre titals millionar kroner i inntektsskatt og formuesskatt til kommunen.

Dagleg leiar Kristian Botnen ser poenget til ordføraren. Han meiner ein for liten del av skattekronene blir verande i vertskommunane, og meiner bransjeorganisasjonen kunne ha gjort meir for å samla næringa rundt ei støtte til kommunane.

– Me ønskjer å skapa arbeidsplassar og utvikla det området me er ein del av. Det er her me ønskjer å investera, og me ønskjer ikkje at pengane skal bli flytta ut av kommunen.

Regiondirektør Hans-Inge Algrøy i Sjømat Norge meiner bransjeorganisasjonane jobbar for at mest mogleg skal koma oppdrettskommunane til gode.

– Me har vore mot innføringa av grunnrenteskatt, som ville medført at meir av det som blir skapt i distrikta ville gått med i inntektsoverføringssystemet til staten.

Tom-Christer Nilsen

FISKERIPOLITIKAR: Tom-Christer Nilsen (H) er fiskeripolitisk talsperson i Høgre.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Vil vurdera endringar

I dag får norske oppdrettskommunar annakvart år utbetalingar frå Havbruksfondet. Pengane stammar frå salet av nye konsesjonar, og 70 prosent av pengane går direkte til kommunane. Men summane varierer.

Næss meiner utdelingane gjer det uråd for kommunane å budsjettera med inntektene. Lokallaget til Næss fremja difor forslag til årsmøtet i Vestland om at ein del av selskapsskatten burde gå direkte til kommunane.

– Det kunne ha sikra oss stabile inntekter.

Fleire parti har tatt til orde for å innretta ordninga slik at kommunane får føreseielege inntekter.

– Eg ser absolutt at det kan vera grunn til å sjå nærare på utdelinga, seier Tom-Christer Nilsen, fiskeripolitisk talsperson for Høgre.

Høgre ønskjer at kommunane skal få behalda ein del av selskapsskatten, slik at dei får større interesse i å leggja til rette for næringsliv. Men Nilsen er tvilande til å gjera eit unntak som berre famnar om oppdrettsnæringa.

– Det trur eg er prinsipielt vanskeleg. Eg ønskjer velkomen ein diskusjon om korleis me skal gjera det mogleg for kommunen å få litt meir for den næringsdrifta som er der.

I desember skal fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) leggja fram kva område som får lov å auka produksjonen av laks, og kva område som må kutta.

Avgjerda skjer på bakgrunn av situasjonen for lakselus i dei tretten sonene kysten er inndelte i.