Ein kraftig vekst i talet eldre gjer at Helse Bergen vil bygge ut. Behovet for helsetenester kjem til å ekspodere, men kapasiteten er alt sprengt seier direktør Anne Kverneland Bogsnes. - Eg må vedgå at om vi ikkje kjem igong no, så ser eg mørkt på å bli gamal i Bergen, seier ho.
Direktør i Helse Bergen, Anne Kverneland Bogsnes.
Forventa vekst
Alle prognosar tilseier ein kraftig vekst i talet på personar over 67 år frå 2010 og utover.
- Det tek ein fem seks år å kome dit vi gjerne vil, så det er avgjerande at vi kjem i gong no, seier direktøren.
Likevel kan desse planane verte vanskeleg å gjennomføre. Helseføretaket manglar tre milliardar til å starte utbygging.
Får ikkje lov å låne
Det som gjer situasjonen ekstra vanskeleg, er at Helse Bergen ikkje ta opp lån. Difor fryktar direktøren det verste. - Eg er redd vi ikkje vil klare å ta i mot dei pasientane vi veit vil kome.