Hopp til innhold

Fryktar det kan bli kamp om straumen om få år: – Situasjonen er urovekkande

Auka elektrifisering av samfunnet gir utfordringar. Bergensområdet får eit auka kraftforbruk tilsvarande Trondheim, men det finst det ikkje kapasitet til i nettet i dag.

Skjøting av kabel

NYE LINJER: Det kan bli aktuelt med fleire master i bergensområdet, for å imøtekomme den store auken i elektrifisering av samfunnet.

Foto: Helge Hansen / BKK

– Situasjonen er urovekkande. Tilstrekkeleg straumkapasitet er avgjerande for at vi skal nå dei ambisjonane vi har for verdiskaping og utvikling av bergensområdet, seier fylkesdirektør Bård Sandal i Hordaland fylkeskommune.

Førre veke vart han og fleire fylkespolitikarar orienterte om korleis straumsituasjonen ser ut dei neste åra i bergensområdet.

Auka elektrifisering skapar hovudbry for både fylkeskommunen, næringslivet og straumleverandørane.

– Vi ser ein omlegging til elektrisitet som verkeleg skyt fart i bergensområdet. Det siste året har det kome førespurnader om nytt og auka kraftforbruk som svarar til forbruket til Trondheim by, seier konserndirektør Håkon Borgen i Statnett.

Trådlaus lading av ferja MF Folgefonna

ELEKTRIFISERING: Auka elektrifisering, særleg i transportbransjen, vil krevja større utbetringar på straumnettet i bergensområdet. Ikkje alle nye prosjekt kan få kople seg på når dei ønskjer, varslar Statnett.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Elektrifisering og datasenter

Det er fleire ulike prosjekt og utbyggingar som treng straum i regionen dei kommande åra:

  • elektrifisering av plattformer i Nordsjøen
  • CO₂-fangstanlegg på Kollsnes
  • elektrifisering i transportbransjen, med infrastruktur til bilar, ferjer og hurtigbåtar
  • landstraum i Bergen hamn
  • planar om datasenter for lagring av store datamengder

Samstundes seier Statnett at auken i førespurnader gjer at ikkje alle kan få kople seg på straumnettet når dei ønskjer.

Fylkesdirektøren i Hordaland fylkeskommune seier det kan bli knallharde prioriteringar om ikkje straumnettet kan møte etterspurnaden.

– Eit scenario er jo at vi då må velje mellom viktige prosjekt. Kven skal bestemme om det er utbyggingar på Mongstad, Kollsnes, Os eller i Bergen som skal få straum?, spør Bård Sandal.

Heller ikkje Os-ordførar Terje Søviknes (Frp) likte det han fekk høyre frå Statnett og BKK førre veke.

– Eg er uroa for at dette gir stans i nye etableringar av større arbeidsplassar, anten det dreier seg om datasenter eller nye anlegg på Kollsnes. I tillegg kan det gi utfordringar for nye og større bustadutbyggingar om det blir verkeleg prekært.

En kraftlinje skjærer gjennom et stølstun i Hardanger

SIKRA FORSYNING: Det manglar ikkje straum, men kapasiteten i nettet er ikkje god nok. Utbygginga av mastene gjennom Hardanger, på Sima-Samnanger-linja, var omstridde. Men også heilt naudsynte, ifølge Statnett.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Ser på tiltak

Statnett viser til at ny forbindelse mellom Modalen og Mongstad står klar i løpet av hausten. Den blir spesielt viktig for området fordi Equinor legg ned gasskraftverket på Mongstad til våren.

Til sommaren 2020 legg Statnett fram resultata av ein konseptvalutgreiing som ser på korleis overføringskapasiteten i Hordaland kan bli betre.

– Vi vil sjå om det kun inneber utbetring av eksisterande kraftanlegg, eller om det blir naudsynt å etablere nye anlegg, forklarar Borgen i Statnett.

Administrerande direktør Wenche Teigland i BKK Nett seier dette kan bety nye linjer og nye master.

Men det er vanskeleg å seie akkurat no. Nokre tiltak kan vi gjera raskt, som å auke kapasiteten til transformatorar og utvide linjene våre. Større planprosessar skal sjølvsagt gjerast ordentleg, der alle samfunnets interesser blir høyrde.

– No er det viktigaste at vi får god oversikt over planane i bergensområdet og kva det vil bety for kraftsystemet vårt, avsluttar Teigland.