Hopp til innhold

Fylkeskonservatoren: «Eit av Bergens viktigaste byrom vert redusert til ein bakgard»

Fagfolka står i kø for å kritisera kompromissløysinga for bybanetraseen gjennom sentrum. – Vetrlidsallmenningen er særleg utfordrande, meiner fylkeskonservatoren.

Skeptiske til bybanetunnel i Vetrlidsallmenning

SKEPTISKE: Fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti og fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd er særleg skeptiske til å legga bybanetunnelen til Vetrlidsallmenningen.

Foto: Christine Kongshavn / NRK

Torsdag kveld vart det klart at Høgre og Framstegspartiet går inn for å leggja Bybanen i tunnel frå Kjøttbasaren i sentrum. Forslaget er tidlegare tatt ut av det vidare utgreiingsarbeidet grunna store konfliktar med kulturverninteresser.

Forslag til bybanetunnel ved Kjøttbasaren

TO ALTERNATIV: Politikarane ønskjer anten å legga tunnelinnslaget i Finnegårdsgaten eller Vetrlidsallmenningen.

Foto: NRK
Anna Elisa Tryti og Per Morten Ekerhovd

– OVERRASKA: Fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti og fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd hadde ikkje trudd at dei forkasta tunnelalternativa skulle komma inn igjen i bybanedebatten.

Foto: Christine Kongsvik / NRK
Bybanen Kjøttbasaren

FAVORITT: Ekerhovd og Tryti meiner dette alternativet i Finnegårdsgaten er det mest realistiske.

Foto: Multiconsult

I utgangspunktet er det to aktuelle løysingar – ei på kvar side av Kjøttbasaren. Altså anten i Finnegårdsgaten eller i Vetrlidsallmenningen.

Skeptiske til Vetrlidsallmenningen

Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd er skeptisk til alternativet, særleg om bybanetunnelen skal gå inn i Vetrlidsallmenningen, som er gata som går opp til den nedre stasjonen til Fløibanen.

– Me er uroa dersom bana skal leggjast opp i allmenningen her. Det kan redusera ein av dei flottaste allmenningane i byen til ein bakgard. Så me ønskjer ikkje at Bybanen skal gå inn i tunnel ved Vetrlidsallmenningen, seier fylkeskonservatoren.

Også fylkeskultursjef Anne Elisa Tryti fryktar tunnelinnslag i Vetrlidsallmenningen kan føra til uopprettelege skadar på byromma i Vågsbunnen.

– Det er komplisert både ut ifrå kulturlaga og kulturminna oppe på bakken. Me vil ta til orde for at Vetrlidsallmenningen ikkje vert valt, seier fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti i Hordaland fylkeskommune.

– Dette er så absolutt eit av dei viktigaste byromma i Bergen. Samstundes skal me hjelpa til å finna så gode løysingar som mogeleg, seier den tidlegare Ap politikaren som har fått tilnamnet «Bybanens mor».

Begge meiner altså at det verkar mest fornuftig å legga tunnelinnslaget i Finnegårdsgaten mellom Kjøttbasaren og Hanseatisk museum.

For lite greidd ut

Også Riksantikvaren er skeptisk til kompromissforslaget.

– Det er eit problematisk forslag på fleire måtar. Både på grunn av kulturlaga som ligg under bakken, men òg fordi det ligg så nært Hanseatisk museum, seier Marit Huuse som er avdelingsdirektør ved samfunnsavdelinga hjå Riksantikvaren.

Ho understrekar at forslaget ikkje er godt nok greidd ut til at Riksantikvaren kan gje ei kvalifisert vurdering av konsekvensane.

– Dette forslaget vart jo skild ut før konsekvensutgreiinga vart gjennomført. Det må jo i så fall skje no. Det er først etter det er gjort at ein kan seia om tiltaket i det heile tatt er mogeleg å realisera, seier Huuse til NRK.

– Overraskande

Gruppeleiar i Høgre Dag Skansen er overraska over at det er Vetrlidsallmenningen nedan for Fløibanen som av fagfolka vert sett på som minst eigna til innhogg for bybanetunnelen.

Tidlegare har det vorte hevda at dei best bevarte kulturlaga er i Finnegårdsgaten.

– Eg hadde faktisk venta meg det motsette, og trudde det var Finnegården som skulle visa seg å vera mest problematisk, seier Skansen.

Skansen, som opphavleg har støtta Bryggen-alternativet, kjenner seg trygg på at det skal vera mogeleg å komma fram til ei god løysing.

– Me har fått stadfesta at det skal vera realiserbart. Men har valt å sjå på heile området ved Kjøttbasaren for ikkje å låsa oss for tidleg, seier Skansen.

Eit av grepa som vert jobba med er å gjera innhogget til tunnelen til eit enkelt spor, for å hindra inngrepet i byromma.

Ap vil ha Bryggen-garanti

Trass jubel i går, står att det forhandlingar før Høgre og Framstegspartiet kan vera sikre på fleirtal for kompromissforslaget.

Sjølv om gruppeleiar i KrF Marita Moltu først uttalte seg positivt, heldt partiet igjen.

Kjelder i Arbeidarpartiet har fortalt NRK at partiet sterkt vurderer å gå med på kompromisset som sikrar at Bybanen ikkje skal gå forbi Bryggen.

Fraksjonsleiar i byutviklingskomiteen Geir Steinar Dale seier likevel at partiet treng fleire avklaringar før dei kan gje si velsigning til eit av dei aktuelle tunnelinnslaga i kjernen av mellomalderbyen i Bergen.

– Dette med kulturminnevern er så absolutt eit av dei problematiske aspekta ved dei to forslaga. I tillegg vil me ha ein garanti på at ein ikkje kan gå tilbake til Bryggen-alternativet som denne traseen skulle visa seg å ikkje vera realiserbar, seier Dale.