Fryktar butikkdød i byane: Vil tvinge kjøpesenter til å ta betalt for parkering

BERGEN SENTRUM (NRK): Medan norske kjøpesenter har gratis parkering, må folk som køyrer inn til byane betale dyrt. Sportsbutikkeigar i Bergen vil ha gratis sentrumsparkering. – Det er ikkje løysinga, svarar byråden.

Julie Andersland

VIL GRATIS PARKERING TIL LIVS: – Vi må snu problemstillinga på hovudet, og sjå korleis vi kan kome gratis parkering til livs. Då vil heller ikkje sentera få denne fordelen i kampen om kundane, seier bergensbyråd Julie Andersland (V).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Folk som køyrer til Bergen sentrum for å handle, må betale parkeringsavgift.

– Det er ikkje alle som kan ta bybanen eller bussen. Det er dumt at kundane må betale såpass mykje for å parkere, seier Atle Christiansen, dagleg leiar og eigar av sportsbutikken Outdoor i Bergen sentrum.

I løpet dei elleve åra han har drive, har kjøpesentera i bydelane vakse, og nye har dukka opp. Der kan kundane stå gratis i fleire timar, eller heile handleturen.

I tillegg gjer auke i netthandel og 15 nye bomstasjonar i Bergen at Christiansen fryktar for framtida. Han meiner noko drastisk må gjerast for å hindre butikkdød i bykjernen.

– Alle burde få to timars gratis parkering i sentrum, meiner Christiansen.

I Oslo er CC Vest og Ullevaal Amfi mellom sentera som tilbyr gratis parkering utanfor bykjernen, medan ein lengre inn i gryta må betale.

Det same er tilfellet for til dømes City Syd i Trondheim, Kvadrat i Sandnes og på Moa i Ålesund.

Atle Christiansen

VIL HA GRATISPARKERING: Atle Christiansen, dagleg leiar og eigar av sportsbutikken Outdoor i Bergen sentrum.

Foto: NRK

Fleire konkursar

Tal frå SSB viser at 37 butikkføretak gjekk konkurs i Bergen i fjor. Talet er det høgste sidan målingane starta i 2009.

Også i Oslo blei 2018 eit dårleg år. 65 gjekk konkurs, mot 32 i 2017. Rekordåret der var i 2009, med 74 konkursar.

Atle Christiansen meiner bompengar og parkeringsavgift er viktige grunnar til at det blir vanskelegare å drive butikk i norske byar.

– Vi vurderer no å dekke parkeringsgebyret for kundane våre, seier Christiansen.

Eli Sivertsen har drive klesbutikken Bazar i heile 40 år i Vaskerelven i Bergen. Ho skildrar ein tøff kvardag for å få hjula til å gå rundt.

– Det er ti år sidan eg har hatt ferie, fortel Sivertsen.

Ho fryktar fleire kjedebutikkar i sentrum også er eit trugsmål, fordi folk då like gjerne kan handle på kjøpesentera.

– Eg trur vi treng fleire spesialbutikkar, seier Sivertsen.

Eli Sivertsen, Bazar i Vaskerelven

TAR IKKJE FERIE: Eli Sivertsen nærmar seg 80 år, og har drive butikken Bazar i Bergen sentrum i 40 av dei.

Foto: Mette Anthun / NRK

Byråden: Snu problemstillinga

Byråd for klima, kultur og næring i Bergen, Julie Andersland (V), avviser blankt forslaget om gratis parkering i sentrum.

– Eg trur ikkje løysinga er å «pøse» fleire bilar inn i sentrum. Det beste verkemiddelet for å få fleire til å handle i sentrum, er at fleire busett seg der, meiner ho.

Andersland peikar i staden på ein annan moglegheit: Ei lovendring for å få slutt på gratis parkering ved kjøpesentera.

– Vi må snu problemstillinga på hovudet, og sjå korleis vi kan kome gratis parkering til livs. Då vil heller ikkje sentera få denne fordelen i kampen om kundane, seier byråden.