NRK Meny
Normal

Fryktar at sjøauren kjem til å forsvinne

Lakselusa held på å ta knekken på sjøauren langs kysten og i fjordane på Vestlandet. No hastar det, seier forskar.

Sjøauren er i ferd med å forsvinne frå Vestlandskysten, og fleire av fjordane. Det seier både forskarar og sportsfiskarar. Lakselus blir peika ut som hovudårsak.

Kenneth Bruvik

– MÅ DRIVE OPPDRETT PÅ EIN ANNA MÅTE: Filmskapar og sportsfiskar Kenneth Bruvik meiner det er oppdrettsnæringa som utgjer den største faren for sjøauren.

Foto: NRK

Sjøauren er i ferd med å forsvinne frå kysten og fleire av fjordane på Vestlandet.

– Eg er redd for at me om nokre år ikkje har sjøaure langs vestlandskysten, seier Kenneth Bruvik, sportsfiskar og filmskapar.

I den nye filmen «I skuggen av laksen» undersøker han tilstanden for sjøauren. Resultatet er ikkje oppmuntrande.

– Det riv meg inn i hjarterota. Det er ikkje greitt og eg godtek det ikkje, seier Bruvik.

Hovudproblemet er lakselusa

Forskar Tore Wiers frå Uni Research er også uroa for at det skal gå mot slutten for sjøauren i både Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland.

I mange av vassdraga har sjøaurebestanden kollapsa, seier Wiers.

Både utbygging, og ulike typar forureining trugar sjøauren. Men det er ein syndar, lakselusa, som gjev størst grunn til uro.

– Det er heilt klart lakselusa som utgjer den største faren, fortel Wiers.

Ola Helge Hjetland

INNRØMMER ANSVAR: Ola Helge Hjetland i Marine Harvest meiner næringa ikkje kan vekse vidare før lakselusproblemet er løyst.

Foto: NRK

Han seier dei fleste av fiskane som ber på denne lusa kjem frå – oppdrettsnæringa.

LES OGSÅ: Skal overvåke hele kysten for lus - Hordaland

– Oppdrettsnæringa truar sjøauren

I filmen «I skuggen av laksen» peikar Bruvik på at sjøauren har det langt betre i Oslofjorden. Der finst det ikkje oppdrettsanlegg.

Han meiner det er måten me i dag driv oppdrett på som utgjer den største faren.

– Me må produsere fisk på ein anna måte, seier Bruvik.

Innrømmer ansvar for luseproblemet

På Vestlandet ligg oppdrettsanlegga tett. Havbruksnæringa hadde i fjor ein eksportverdi på 40 milliardar kroner.

Erna Solberg

VIL IKKJE STOPPE VEKST I NÆRINGA: Statsminister Erna Solberg trur det er mogleg å løyse lakselusproblemet, utan å stogge veksten i fiskenæringa.

Foto: NRK

Selskapet Marine Harvest innrømmer at dei har eit stort ansvar for luseproblemet.

– Me tek ansvaret. Me meiner oppdrettsnæringa ikkje kan vekse vidare før me har løyst problemet med lakselus, seier kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland.

LES OGSÅ: Fiskefelle stogga ni av ti - Hordaland

Vil ikkje stoppe veksten i næringa

Regjeringa trur det er mulig å bli kvitt lusa, samstundes som at næringa veks seg større.

– Eg meiner me kan løyse dette. Då trur eg me kan sjå like raskt vekst som me har sett til no, seier Erna Solberg.

Men noko konkret løysing på lakselusproblemet har regjeringa førebels ikkje i sikte.

LES OGSÅ: Liten grønn krabat mot lakselus - NRK – Sogn og Fjordane


Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.