Hopp til innhold

Uroa for E16-planane: Kan vere tomt for pengar før vegen er trygg

Utbygginga av «Noregs farlegaste veg» kan starta utan at den mest rasutsette strekninga eller jernbana vert rørt.

Ras Vaksdal mai 2015

KAN MÅTTA VENTA: Strekninga mellom Trengereid og Stanghelle er den mest rasutsette strekninga på E16, men kan måtta venta på å verta utbetra. Då desse to skreda gjekk i 2015 var eit lokaltog med 40 passasjerar nær ved å verta råka.

Foto: Helene Wiese-Hansen / NRK

– Me er uroa for at krukka med pengar skal gå tom, og at me vert sittande att med den rassituasjonen og faren for liv og helse som me har i dag, seier Bård Sandal som er fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland.

Planlegginga av den etterlengta utbygginga av E16 og Vossebanen mellom Arna og Stanghelle i Hordaland går føre seg for fullt.

Gigantprosjektet skal sikra nytt dobbelspor på Bergensbanen og rassikker E16 på hovudsambandet mellom Bergen og Oslo.

Men no ringer alarmklokkene hjå Hordaland fylkeskommune.

E16 og Bergensbanen side om side

TETT I TETT: Dagens E16 og Bergensbanen mellom Voss og Bergen går tett i tett fleire stader. Målsettinga er at det skal halda fram også med nye trasear, men då inne i fjellet.

Foto: Jernbaneverket

Kritiske til byggeforslag

Vegvesenet og Bane Nore føreslår nemleg å starta på det første byggetrinnet – utan å starta på fornying av jernbana eller E16 der rasfaren er mest overhengande:

  • I staden for å bygga veg og bane heilt til Stanghelle, føreslår dei å byrja med berre E16 og avslutta på Trengereid øst i Bergen.
  • Men det er dei vel 20 kilometrane vidare til Stanghelle som er kjent for å vera det mest rasfarlege strekket på den ras- og ulukkesutsette europavegen (sjå kart under).

Fagfolka i Hordaland fylkeskommune er kritiske til forslaget frå planleggarane.

– Me er veldig opptekne av at me så fort som råd skal få ein kontroll på rassituasjonen på E16. I eit miljøperspektiv er det òg særs viktig at me kjem i gang med utbygginga av Vossebanen, seier Sandal.

kart trengereid stanghelle

Vegvesenet: – Ikkje ideelt

Totalprisen på samla utbygging av veg og bane mellom Bergen og heilt fram til Voss er førebels på heile 33 milliardar kroner.

Det er ikkje sett av pengar til prosjektet i Nasjonal transportplan før i 2024, sjølv om det frå politisk hald har vorte ivra for å komma i gang tidlegare.

Det er nettopp dette presset som gjer at Vegvesenet opnar for å tjuvstarta med vegutbygging mellom Arna og Trengereid i 2022. Denne delen av vegen har nok trafikk til at utbygginga kan finansierast med bompengar.

– Finansieringa er ein viktig grunn til at me opnar for å starta med å berre bygga ut vegen mellom Arna og Trengereid. På denne strekninga kan me, i motsetning til elles, byggja vegen uavhengig av jernbanen, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm i Statens vegvesen.

Han vedgår likevel at løysinga handlar om økonomi, og ikkje er ideell. Men for å få til ei samanhengande bygging må det komma meir pengar frå staten.

Medan vegen er fullfinansiert i perioden mellom 2024 og 2029, er det ikkje sett av nok pengar til å bygga jernbanetraseen.

Jordras på E16 ved Hyvingetunnelen ved Voss.

SETT MANGE RAS: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og statsminister Erna Solberg (H) vitjar raset ved Bolstad sommaren 2016. Denne strekninga er ikkje ein del av første byggetrinn.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Redd for at ein berre endar opp med veg

Ordførar i Vaksdal Eirik Haga (Ap) er kritisk til ideen om å starta med den delen av vegen som er minst utsett for ras.

– Eg er veldig redd for at dette fører til at ein berre byggjer veg. Det er gjennom satsinga på tog ein kan få utvikling i området mellom Bergen og Voss.

– Eg forventar at Stortinget stiller opp med dei pengane som skal til, slik at ein kan starta bygging av både jernbane og veg på same tid, seier Haga.

Onsdag skal samferdsleutvalet i Hordaland ta stilling til saka.

Eirik Haga, Ketil Solvik-Olsen og Bård Hoksrud

UROA: Ordførar i Vaksdal, Eirik Haga (til venstre), har etter kvart fått samferdsleministeren (i midten) på besøk ein god del gongar. Her frå eit ras mellom Trengereid og Stanghelle i mai 2015.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix