Frykta ferjekutt ville rasera lokalsamfunnet: – No slepp eg å slutta i jobben

Ladetid for el-ferjer ville skapt store problem for pendlarar i Sunnhordland. No jublar politikarar og innbyggarar for at ferjekuttet blei mindre enn frykta.

Arnhild og Sigmund Hovland

NØGD: Arnhild Hovland og Sigmund Hovland er nøgde med at tilbodet er tilbake med fire av fem avgangar om dagen.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– I verste fall må eg vurdera om eg kan fortsetja i jobben, sa Arnhild Hovland til NRK tidlegare i år.

Ho bur på Tysnes, som har vore truga av kraftig kutt i ferjetilbodet til Stord frå nyttår. Kuttet i talet på avgangar ville råka mange pendlarar morgon og ettermiddag.

– Det er ei rasering av ferjetilbodet, som har stor påverknad på samfunnet. Vi er heilt avhengige av desse ferjene, sa Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H) til NRK onsdag.

Årsaka til kuttet i avgangar er at el-ferjene som skal innførast på sambandet må ha tid til å lada. Onsdag konkluderte fylkesrådmannen med at det ville kosta 80 millionar kroner ekstra å behalda dagens rutetilbod også frå 2020, og at det dessutan ville blitt juridiske problem.

Men ved å legga 20 millionar kroner ekstra i potten, kom fylkespolitikarane torsdag fram til ei løysing som gjer at Hovland og dei andre Tysnes-pendlarane berre mister éin avgang om dagen i staden for fem.

– Eg er veldig letta over vedtaket. Om det hadde gått andre vegen, måtte eg enten ha vurdert jobben min eller kvar eg skulle budd, seier Arnhild Hovland.

Folgefonn ferge

SKAL BORT: Dieselferja MF «Folgefonn» på ferjesambandet Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes mellom Stord og Tysnes skal erstattast med meir miljøvenlege alternativ.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Meir biodiesel

Løysinga inneber at ferjene skal gå på biodiesel litt oftare enn planlagt. Det forsvarar politikarane med viktigheita av samferdsletilbodet.

– Ferja er vegen for veldig mange, seier Benthe Bondhus (Sp).

Silja Ekeland Bjørkly (H) vedgår at prosessen ikkje har vore god.

– Eg synest ikkje me har gjort ein god nok jobb, men nett no trur eg me har gjort det me kunne for å sikra tilboda i distriktet. Dette var så godt me kunne få det, seier ho.

silja ekeland bjørkly i Høgre

IKKJE EIN GOD PROSESS: Fylkesordførarkandidat for Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, vedgår at det ikkje har vore ein god prosess.

Håpar ny teknologi skal betra tilbodet

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe er nøgd med å unngå mesteparten av det varsla kuttet.

– Det er ikkje slik som tilbodet er i dag, men det er ei vesentleg betring samanlikna med slik me trudde det skulle bli, seier han.

– Eg håpar me framover kan jobba vidare med å få midlar til å utvikla teknologien, få betre batteri og ladesystem, og på sikt få tilbake rutetilbodet slik det er i dag.

Kåre Martin Kleppe, Tysnes-ordførar

IKKJE HEILT NØGD: Ordførar i Tysnes kommune (H) Kåre Martin Kleppe seier han håper tilbodet vil komme tilbake for fullt etter kvart.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / nrk