Hopp til innhold

Frykta bråk - pågreip Vålerengasupportarar

Fleire Vålerenga-supportarar blei pågripne av politiet etter kampen på Brann stadion.

Brann spelte og tapte i kveld mot Vålerenga på heimebane.

LES OGSÅ: Vålerenga skjøt seg inn i medaljekampen

Politiet har vore merksam på at «casuals» kunne komma til å skapa bråk før eller etter denne fotballkampen, og kl. 20.13 i kveld blei fleire Vålerengasupportarar pågripne av politiet ved stadion.

LES OGSÅ: Mange pågrepet etter fotballbråk

Skal ha avtalt eit valdeleg møte

– Me har pågripe elleve Vålerenga-supportarar, og det var i den hensikt å førebygga forstyrringar av offentleg ro og orden, seier operasjonsleiar Svein Lyssand til NRK.

– Var det grunn til å tru at dei hadde planar om å skapa forstyrringar?

– Ja, det kom opplysingar inn til politiet om at det kanskje kunne bli brot på offentleg ro og orden, seier Lyssand.

BA skriv at casuals hadde avtalt eit valdeleg møte etter kampen i området rundt Inndalsvegen.

Det var i dette området dei elleve personane blei pågripne.

Blir dimittert til nattoget

– Personane vil bli dimitterte i forkant av nattoget sin avgang frå Bergen til Oslo, med avgang kl. 22.59, seier operasjonsleiaren.

Politiet har vore forberedt på at det kunne oppstå bråk når VIF-supportarar var i Bergen.

– Har det oppstått bråk i høve denne kampen?

– Nei, ikkje som politiet har registrert.