Hopp til innhold

Fylkeskommunen vil frede meir

Fylkeskommunen vil frede fleire bygg i Hordaland. No meiner både Frp og huseigarar at grensa er nådd.

Nygårdparken blir freda

KAN BLI FREDA: Nygårdsparken er eit av fredingsforslaga til fylkeskonservatoren.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Tor Woldseth

HAR FÅTT NOK: Tor Woldseth i Frp meiner fylkeskonservatoren fredar for mykje.

Foto: NRK
Veteranbensinstasjon Bergen sentrum

TRULEG FREDA: Veteranbensinstasjonen i Bergen sentrum er eitt av bygga fylkeskonservatoren vil frede.

Foto: Sølve Rydland / NRK
Huset til Bjørn Kåre Vågenes blir truleg freda

DYRT: Eigar av dette bygget, Bjørn Kåre Vågenes, meiner freding medfører ekstra kostnadar for huseigarane, som ikkje blir kompensert.

Foto: Sølve Rydland / NRK
Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd

UGRUNNA FRYKT: Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd meiner både Frp og huseigarane si frykt er ugrunna.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Nokre synest det er veldig kjekt å frede heile byen, seier Tor Woldseth iFramstegspartiet.

Han meiner det nok kulturminne i Hordaland. Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd startar derimot i desse dagar fredingsprosessen på ei lang rekkje nye kulturminne.

Langt meir vil bli freda

– Det å frede bygg totalt medfører også at bruken av bygga blir avgrensa, det er ikkje bra i eit samfunn som skal gå framover, seier Woldseth.

Sjøbuer i Sandviken, veteranbensinstasjonen på Nygård, bygardar i sentrum og Nygårdsparken

skal sikrast for ettertida. Men det er berre starten, i åra som kjem vert det langt meir.

Framover skal fylkeskonservatoren starta eit arbeid for å frede nyare kulturminne i Hordaland.

– Kystkulturen er heilt forsvunne. Industri og produksjon er det lite av, fartøy er det svært få av. Det er viktige kulturminnekategoriar som vi skal sørgje for å få inn på fredingslista som skal gje eit godt og ekte uttrykk for Hordaland si historie, seier Ekerhovd.

Dyrt for huseigarane

– Om det skal vere noko poeng med freding, så må eigar vere i stand til å ta vare på eigedomen, seier huseigar Bjørn Kåre Vågenes.

Han er ein av dei som har fått brev om at eit bygg han eig skal fredast. Bak stillasa på utleigebygarden på Nygårdshøyden er det mykje å gjere. Vågenes meiner at fredinga gjer vondt verre.

– Det medfører ekstra kostnadar, utan at det følgjer med pengar til å dekke dei kostnadane, seier Vågenes.

– Dette er ei ugrunna frykt

– Dette med ekstra kostnadar er ein myte. For nokre år sidan stemte det, men dei offentlege løyvingane til freda kulturminne har hatt ei dramatisk auke dei siste åra, seier fylkeskonservator Ekerhovd.

Fylkeskonservatoren meiner òg at det er ein myte at mange norske bygg er freda. Hordaland har under 600 freda bygg, til samanlikning har skotske Edinburgh 40.000.

– Det er ei ugrunna frykt for at vi kjem til å frede for mykje. Norge har frå før få nasjonale kulturminne. Arbeidet med ei meir representativ fredingsliste er dessutan eit tiltak som er handsama i Stortinget og alle partia har slutta seg til, seier fylkeskonservatoren