Hopp til innhold

Frp refsar byråd for å kritisera politiet

Sosialbyråden i Bergen får refs av forgjengaren frå Frp for å kritisera politiet si framferd mot tiggarar. – Eg er svært skuffa over at byrådet vel ei så aggressiv tilnærming, seier Silje Hjemdal.

Silje Hjemdal refser Erlend Horn

KONFLIKT: Sosialbyråd Erlend Horn (V) i Bergen reagerte på måten politiet handterte utanlandske statsborgarar som oppheldt seg i Bergen. No får han refs av tidlegare sosialbyråd frå Frp, Silje Hjemdal, for å ha kritisert politiet.

Foto: Presse/Steinar Nedkvitne / Montasje: Presse/NRK

Politiet i Bergen har dei siste to månadene kasta ut nærare 50 utanlandske statsborgarar som dei meiner oppheld seg ulovleg i landet.

Politiet oppsøkte for halvanna veke sidan Kirkens Bymisjon sitt akuttovernattingstilbodet for vanskelegstilte midt på natta og kravde id-papir frå rumenske tiggarar og heimlause.

Framgangsmetoden fekk sosialbyråden til å reagera.

Sosialbyråd i Bergen Erlend Horn (V)

KRITISK: Sosialbyråd Erlend Horn (V) likte ikkje måten politiet gjekk fram mot gjestene ved akuttovernattinga til Kirkens Bymisjon.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Mi frykt er at når politiet oppsøker eit akuttovernattingstilbod så vil det føra til at fleire ikkje tør å nytta tilbodet, sa byråd Erlend Horn (V) til NRK.

Han fryktar praksisen kan føra til at mange heller vel å sova ute med fare for liv og helse når det lir mot vinter.

– Difor skulle eg ha ynskt at politiet hadde unngått den framgangsmåten dei har brukt her.

– Spesielt å gå så hardt ut

Reaksjonen til Venstre-byråden har fått Frp-politikar og tidlegare sosialbyråd i Bergen, Silje Hjemdal, til å hissa seg opp.

– Eg er svært skuffa over at byrådet vel å ha ei så aggressiv tilnærming til politiet og det arbeidet som er gjort.

Hjemdal var sosialbyråd i Bergen i fire månader i fjor, og er i tillegg til å sitja i bystyret medlem i fylkesstyret til Frp.

Silje Hjemdal

REFS: Frp-politikar Silje Hjemdal reagerer på kritikken frå sosialbyråden. – Det at ein går ut på ein så hard måte synest eg er noko spesielt.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Ho reagerer altså på reaksjonen til sin etterfølgjar.

– Eg blei veldig forundra då eg såg dette oppslaget, på bakgrunn av at me alle er avhengige av å ha tillit til politiet. Det at ein går ut på ein så hard måte, fordi politiet gjer den jobben som dei er pålagde å gjera, det synest eg er noko spesielt, seier den tidlegare sosialbyråden.

Stiller seg uforståande til kritikk

Arvtakaren frå Venstre meiner på si side at dette handlar om kor vidt bustadlause tiggarar skal få ein aksjon mot seg midt på natta eller ikkje. Horn fryktar heimlause vel å sova ute i kulda.

– Eg syns det er litt merkeleg å få kritikk for at eg meiner noko om ei konkret hending som kan setja liv og helse i fare.

Horn meiner det er påfallande at det er Frp som raslar med sablane.

– Det er få parti i dette landet som er så opptekne av å meina noko om politiet som Frp. Då synest eg kritikken er snodig. Det blir ein merkeleg debatt viss me politikarar ikkje skal kunna meina noko om politiet sin innsats.

Politiet i Bergen har etter utspelet frå Horn bestemt seg for å føreta ei full evaluering av aksjonen dei hadde mot akuttovernattinga til Kirkens Bymisjon.

Politiadvokat Arne Fjellstad i utlendingsseksjonen

AUKA SATSING: Etter ei ekstraløyving frå Justisdepartementet har politiadvokat Arne Fjellstad ved utlendingsseksjonen vist vekk nær 50 utanlandske statsborgarar.

Foto: Siri Løken / NRK