Hopp til innhold

Frp nektar for ultimatum – vil forhandle om Bryggen likevel

Framstegspartiet trekk tilbake garantien om å stemme mot bybane over Bryggen. No vil dei forhandle om traseen til Åsane likevel.

Nå vil partiet forhandle om traseen til Åsane likevel.

VIL FORHANDLE: Finansbyråd Eiler Macody Lund tilbakeviser ultimatum om Bryggen og seier partiet likevel vil forhandle om bybanetrasé over Bryggen.

Vallogo

Varaordførar Tor Woldseth og finansbyråd Eiler Macody Lund frå Frp gjekk hardt ut i BT og garanterte at Frp ville stemme mot ei bybane over Bryggen i bystyret etter valet i haust.

– Vi er veldig klare på at vi ikkje vil ha bybane over Bryggen. Derfor vil vi samla stemme mot dette i bystyret, dersom vi ikkje kjem til semje i byrådsforhandlingane om at Bybanen skal gå i tunnel, seier finansbyråd Eiler Macody Lund (Frp) til Bergens Tidende i dag.

Vakte reaksjonar

Utspelet fekk Venstre sin førstekandidat Erlend Horn til å reagere. Dette fordi Høgre, Frp og Venstre i mai inngjekk ein intensjonsavtale om eventuelt byrådssamarbeid etter valet i haust.

På få timar gjer Frp heilomvending. Dei meiner framstillinga i Bergens Tidende i dag er feil.

– Frp har ikkje stilt noko ultimatum i saka om Åsane-banen, hevdar partiet i ei pressemelding i dag.

No vil dei forhandle likevel

– Vi går inn i ein byrådsforhandling med mål om å bli samde. Dei nye bystyregruppene må ta stilling til forhandlingsresultatet. Dersom Frp går inn i byråd etter valet, vil vi stå samla bak ein byrådsplattform også i bystyret, seier Eiler Macody Lund.

Utspelet frå Woldseth og Macody Lund kom i kjølvatnet av eit oppslag i Bergens Tidende fredag, der både Ap og Høgre seier at ei bybane over Bryggen vil bli eit forhandlingsspørsmål etter kommunevalet.

– Kva slags vinglepolitikk er dette, sa Woldseth om utspelet til BT i dag.

No vil altså Framstegspartiet likevel forhandle om trasespørsmålet.

– Vi er tydelege

– Vi stiller ikkje ultimatum. Vi er sterk tilhengar av at bybanen skal gå bak Bryggen, og vil gå i forhandlingar om det, presiserer Macody Lund ovanfor NRK.

Erlend Horn i Venstre seier han reagerte sterkt på oppslaget i BT i dag, men at han no har vore i eit oppklarande møte med Frp.

– Der fekk eg forsikringane eg trengde frå partiet, om at dei ikkje stiller ultimatum. Det er eg glad for.

– Korleis stiller du deg til at Frp då seier noko anna til BT?

– Det får vera ei sak mellom dei og avisa, svarar Horn.

– Korleis pregar ei slik sak forholdet mellom partia på borgarleg sida?

– Vi skulle klart vore ei slik sak forutan, men eg har fått forsikringane eg treng.