Grunnen til nedlegginga er at Vidar Kleppe kan bli suspendert frå Framstegspartiet si stortingsgruppe, seier styremedlem Ola Opedal i Odda. Lokallagsformann Kjell Einar Nilsen, som sit i kommunestyret, vil støtta ei liste av tidlegare Frp-medlemar som kjem til å danna eit nytt parti.
Fleire legg seg ned
FrP-laga i Vaksdal og Ulvik skal ha ekstraordinære årsmøte for å leggja ned partilaga. På Tysnes har formannen meldt seg ut, men lokalpartiet held fram. Etter det NRK Hordaland kjenner til, er også lokallaga i Jondal og Samnanger på veg ut av Framstegspartiet.
Få medlemmar
Dei fem laga som no er på veg ut er ikkje store. Ved nyttår hadde dei tilsaman 82 medlemmar. I heile Hordaland hadde FrP 2.117 medlemmar. I februar i år fekk Hordaland FrP 266 nye medlemar, medan 36 melde seg ut.