Hopp til innhold

Professor: – Frp har skifta kurs

Framstegspartiet har gått frå å vere eit populistisk parti til eit ansvarleg parti, meiner professor Frank Aarebrot.

Frank Aarebrot

ramstegspartiet har gått frå å vere eit populistisk parti til eit ansvarleg parti, meiner professor Frank Aarebrot.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Dersom skal Frp bare skal kutte i skattar og avgifter må dei samstundes fortelje folk kva slags velferdstilbod som skal bli fjerna. Det er blir vanskeleg.

Professor Frank Aarebrot

At eigedomsskatt og køprising blir ein realitet i Bergen har fått fleire til å rase innanfor Frp.

– Pell dykk ut av byrådet, er den klokkeklare beskjeden frå tidlegare formann Carl I. Hagen.

I løpet av denne bystyreperioden har Bergen Frp gått med på å auka bompengane kraftig, auka eigedomsskatten for næringslivet og sit no altså i eit byråd som skal administrere køprising i Bergen.

Aarebrot seier ein kan sjå det same i resten av landet og at partiet har skifta kurs sidan Hagen leia partiet.

– Nasjonalt så ser me jo at Frp stadig opprettar nye bomprosjekt. Frp har jo veldig klare og bastante programpostar. Difor blir det veldig tydeleg når dei skiftar kurs i politikken.

Forstår kritikken

Carl I. Hagen
Foto: Johannessen, Sara / Scanpix

Professoren forstår at den tidlegare leiaren i Framstegspartiet reagerer.

– Carl I. Hagen har jo bygd opp heile partiet med bodskapet om at alle andre parti var slemme ved å pålegge skattar. Men no opplev jo Frp kvifor det er naudsynt med skattar, seier Aarebrot.

Han meiner partiet har gått frå å vere eit populistisk parti til eit ansvarleg parti. Det er leiar i Bergen Frp og sosialbyråd Eiler Macody Lund einig i.

– Me er blitt meir ansvarsfulle. Det er difor me har innført denne utruleg upopulære eigedomskatten, seier Macody Lund.

Men at partiet har skifta kurs er ikkje Frp-leiaren einig i.

– Me har på ingen måte skifta kurs. Me er framleis eit liberalt parti, men me er realistar og tek dei grep me må gjere slik at me kan gje eit tilbod til veljarane slik dei er vane med å få, seier Macody Lund.

– Dersom Frp berre skal kutte i skattar og avgifter må dei samstundes fortelje folk kva slags velferdstilbod som skal bli fjerna. Det er ikkje ein enkel sak, meiner Aarebrot.

Rosar partiet

Eiler Macody Lund
Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

Aarebrot seier at Frp sine lokalpolitikarar ikkje trur på at Siv Jensen vil overføre eldreomsorga til staten. Heller ikkje at ho kjem til å auka dei kommunale inntektene.

– Dei har ikkje anna val ein å sikra sin lokale økonomi. No Frp har møtt verkelegheita, og det at dei vel å vere ansvarlege i staden for populistiske, tykkjer eg Frp i Bergen skal ha ros for, seier professoren.

– Trur du byrådet i Bergen vil bestå til neste val?

– Det kjem an på kvifor dei som har stemte på Frp har stemt på dei. Men det er absolutt eit svekka byråd no. Neste val blir nok meir spanande enn det elles ville vore.