– Vi har kanskje prioritert feil

Kvar femte veljar i Hardanger stemte Frp ved forrige val, men no står Frp utan liste i seks av sju kommunar.

Gustav Bahus

TEK SJØLVKRITIKK: – Vi har kanskje ikkje fokusert på det som er viktig for hardingane, seier Gustav Bahus i Hordaland Frp.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er det partiet eg er mest einig med, seier Gard Asperheim i Ulvik. Han ville gjerne røysta Framstegspartiet om han kunne.

Også Thomas Haugen i Jondal sympatiserer med Frp.

– Partiet kunne absolutt vore med og utvikla meir her inne, seier Haugen.

Men sjølv om partiet fekk 18 prosent av røystene i dei sju hardangerkommunane ved stortingsvalet for to år sidan - kan dei to sjå langt etter røysteseddelen til Frp i valbua til hausten.

Resultater fra forrige valg

Frp sin oppslutning i Hardanger ved stortingsvalet i 2009

Jondal

15%

Odda

18%

Ullensvang

13%

Eidfjord

21%

Ulvik

14%

Granvin

14%

Kvam

21%

Oppslutning i Hardanger

18%

– Trasig

– Det er klart det er trasig at vi har seks kommunar i Hardanger utan liste, seier organisatorisk nestleiar i Hordaland Frp Gustav Bahus. På det meste har Frp stilt med vallister i fire av dei sju hardangerkommunane. Dei har tidlegare stilt lister i Eidfjord, Jondal, Odda og i Ulvik. Til hausten er dei berre representert Kvam.

Frp i Hardanger fra 1979-2007

Kommunar partiet har stilt liste ved tidlegare kommuneval:

2007: Odda og Kvam

2003: Odda og Kvam

1999: Ulvik, Odda, Kvam og Jondal

1995: Odda og Kvam

1991: Odda, Ulvik og Kvam

1987: Odda

1983: Odda og Ullensvang

1979: Eidfjord


– Vi har sendt ut brosjyrar og hatt folkemøte rundt i kommunane og eg synast vi har gjort ein del, men vi har kanskje prioritert feil i forhold til kva som er viktig for hardingane, seier Bahus.

Melde seg ut i protest


– Eg synest ein har gjort for lite og vist for lite interesse. Politikken er blitt altfor mykje sentrert rundt Bergen, seier tidligare leiar i Odda Frp, Kjetil Jondahl.

For første gong sidan 1979 står Frp utan liste i industribyen. Jondahl som før jul melde seg ut av partiet i protest meiner fylkespartiet kan takka seg sjølv for utviklinga.

Einsam toppkandidat

– Det er klart det er synd. Resultatet fra stortingsvalet er klart, det er mange som tenker likt som oss. Vi må ha fleire lokallag, seier Frp sin einaste toppkandidat i Hardanger. Bjørgulv Hauger i Kvam.

Også der har det storma - heile heradstyregruppa melde overgang til Høgre i inneverande periode. Han håpar likevel på eit godt val.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.