Hopp til innhold

– Det er på tide å snakke om Terje Søviknes utan å nemne gamal dumskap

Politisk kommentator mener Frp har bruk for ein mann som Terje Søviknes i leiinga, og er sikker på at velgjarane har tilgjeve osingen.

Harald Stanghelle

BØR VERA VELKOMMEN: - Eg trur det har lagt i korta lenge at Søviknes skulle tilbake. Han har sakte, men sikkert gjort seg klar for også ei rikspolitisk rolle, seier Harald Stanghelle.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

– Det må vera lov til å falle, men også å reise seg att, sjølv i elitedivisjon i norsk politikk, seier Harald Stanghelle, politisk redaktør i Aftenposten.

Han meiner det er på tide for velgjarane å tilgje Søviknes for skandalen på landsmøtet for 12 år sidan.

– Ja, det har dei, og det bør dei. Det viser vel også kommunevalresultata i Os heilt frå dette skjedde. Det er på tide at vi kan snakke om Terje Søviknes utan å nemne gamal dumskap. Det må vera lov å falle, men også å reise seg att, sjølv i elitedivisjon i norsk politikk, seier Stanghelle.

Klokt val

I Bergens Tidende fortel Søviknes onsdag at han utfordrer Anders Anundsen i kampen om å bli ny Frp-nestleder. Til NRK seier han at han trur det kan vera veldig sunt for partiet at det no kjem inn nokon i leiinga som sit utanfor stortings- og regjeringsapparatet.

Det er Harald Stanghelle helt enig i. Den politiske redaktøren meiner det har lagt i korta lenge at Søviknes var på veg tilbake.

– Ja, definitivt. Og eg trur også at Frp har bruk for ein som Søviknes no når dei er i regjering. Dei har bruk for ein leiartroika som ikkje berre består av regjeringsmedlemmar. Det vil koma regjeringsslitasje, det vil bli behov for eit anna språk enn regjeringsspråket. Difor er det nok klokt å ta inn nokon som representerer ein annan bakgrunn, og andre typar partimakt enn det eventuelt tre stykk frå Regjeringa vil gjera, seier Stanghelle.

– Er ingen Per Sandberg

Stanghelle trur Søviknes vil stilla sterkt på Frp sitt landsmøte til våren, men minnar om at osingen også har motstandarar i partiet.

– Han erstattar Per Sandberg, men han er ikkje Per Sandberg. Snarare er han ein nokså pragmatsik vestlending. Og det er jo nokon av oss som meiner det vil tale til hans fordel, seier aftenposten sin politiske redaktør.

Frp-leiar Siv Jensen seier til NRK at det er opp til Frp sin valkomite å gjere ein god jobb i partiet sine organ fram mot landsmøtet.

– Eg syns det er veldig bra at det er kandidatar som melder seg til teneste som del av Frp si leiing, seier Jensen.

Her svarer Terje Søviknes kvifor han vil bli nestleiar:

Tolv år etter at han trakk seg, er Terje Søviknes klar for comeback i rikspolitikken.

Søviknes vil bli nestleder i Frp