Hopp til innhold

Frp bestilte eigen bybane-rapport

Framstegspartiet i Bergen var ikkje nøgd med traséalternativa Byrådet har lagt fram for Bybanen gjennom sentrum. Difor bestilte dei si eiga utgreiing, og kjem no med eit heilt nytt alternativ.

Frp bestiller egen rapport om bybanen

IKKJE NØGD: Eiler Macody Lund (Frp) sitt parti var ikkje nøgd med Byrådet sine alternativ for Bybanetraséar. Difor bestilte Frp ei eiga utgreiing som no har gitt eit heilt nytt alternativ som kombinerer dagløysing med tunnelløysing.

Foto: Magnus Holte / NRK

Etter fleire månader med debatt om kor Bybanen i framtida skal gå gjennom sentrum, har Frp gått til det steget å bestille sin eigen rapport. Rapporten er utarbeidd av eit selskap som konkurrerer med selskapet som har gjort utgreiingar for Byrådet.

Byrådet har kome med tre alternativ, eit med dagløysing over Bryggen og to ulike tunnelalternativ. Det dyraste er eit t-baneliknande stopp under Christies Gate i sentrum, medan det andre er ein enklare variant med utgangspunkt mellom Rådhuset og Sparebanken Vest sitt bygg ved Lille Lungegårdsvann.

(Sjå illustrasjon av Frp sitt nye framlegg nedst i saka)

– Vrir det mot Bryggen

Alternativa har splitta politikarane, men Frp som heile tida har støtta det billigaste tunnelalternativet, har likevel ikkje vore heilt nøgde. No har dei brukt eigne pengar på ei utgreiing som kjem med eit heilt nytt alternativ.

– Det er to grunnar til det. Dei utgreiingane vi allereie har sett har ein klar tendens til å vri heile retninga inn mot alternativet over Bryggen. Det har vore lagt veldig lite vekt på vårt alternativ, og det har berre blitt køyrt på alternativ som gjer Bryggen eit betre alternativ og tunnel eit verre, seier byrådsmedlem Eiler Macody Lund (Frp).

– Den andre grunnen er at vi ikkje har fått nokon innstilling frå byråd Filip Rygg når det gjeld vårt alternativ. No sa han til meg i går at den kjem og at den berre er forseinka, men vi kan ikkje vente i all æve, for vi nærmar oss ei avgjersle i bystyret, og det er bystyret, og ikkje byrådet som skal avgjere saka, seier han.

Heilt nytt alternativ

Frp-politikaren opplever ikkje at dette kan sjåast på som mistillit mot eige byråd.

– Vi meiner dette er eit supplement til ein god diskusjon. Vi er heilt sikre på at når vi kjem saman for ta den endelege avgjersla før bystyremøtet, så vert vi einige om eit godt alternativ. Dette er vårt innspel, og vi har eit stort og breitt fleirtal bak oss for eit alternativ som går bak Bryggen. 70 prosent av bergensarane har sagt ja til det, og to tredjedelar av bystyret har hittil sagt ja til det, seier Lund.

Det nye framlegget til denne delen av trasévalet startar i eksisterande trasé med stopp utanfor Telegrafen som det er i dag.

– Deretter går linja over parkeringsplassen utanfor Rådhuset, opp Peter Motzvelds gate, over Kaigaten og innunder Heggebakken ved Katedralskulen, før den kjem ut i Sandviken ved Sandviken kyrkje, fortel Lund.

Dermed er forskjellen frå Byrådet sine eigne framlegg at dette alternativet går lenger i dagen og mellom anna passerer Nygaten og Kong Oscars gate før det går inn i tunnel.

– Får ikkje dei sentrale stoppa

– Det er ikkje eit dyrare alternativ, og vi kjem med ei løysing som gjer Bryggen bil- og trikkefri. Løysinga gjer at vi kan køyre trafikken bak Bryggen utan å øydelegge trafikkmønsteret i Bergen. Christie Gate-alternativet er øydeleggjande, for det vil øydeleggje byparken og vere utruleg kostbart, seier byrådsmedlemmen.

Byutviklingsbyråd Filip Rygg (KrF) seier han er i gang med å sjå på framlegget, men meiner det vil gi eit dårlegare kollektivtilbod samanlikna med dei andre alternativa.

– Det har litt færre konfliktar knytt til graving og sentrumsgatene, men svarar i mindre grad på kollektivdekning. Det er kanskje hovudutfordringa med det, at ein ikkje får dei mest sentrale stoppa.

Men det stiller Frp sin Lund seg uforståande til.

– Vi meiner dekninga av Bergen med denne løysinga er like god som med alternativet over Bryggen.

Frp sin bybanetunnel