Hopp til innhold

Frontkollisjon skjedde i kryss

Front mot front–ulukka mellom ein personbil og ein lastebil i Bildøybakken skal ha skjedd i krysset mellom RV 555 og FV 258, ifølge politiet. – Kvinna som køyrde personbilen kom seg ut på eiga hand, og blir tatt hand om av vitne. Lastebilsjåføren melde frå om ulukka og skal vera uskadd, seier Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.