NRK Meny
Normal

Ein person til sjukehus etter frontkollisjon

To bilar har kollidert på Nattlandsfjellet i Bergen.

Frontkollisjon

To bilar var involvert i ulukka på Nattlandsfjellet tysdag morgon.

Foto: 03030-TIPSAR

Naudetatane er på veg til Nattlandsfjellet i Bergen etter melding om ei trafikkulukke. To bilar har kollidert front mot front får NRK opplyst av politiet.

Skadeomfanget er ikkje kjend, men det er ikkje meldt om at personar sit fastklemd.

Politiet melde om ulukka klokka 07.19.

Sendt til Haukeland

Klokka 07.35 opplyser politiet at ein person er sendt til Haukeland i ambulanse. Ein anna person er framleis på staden og skal ha fått lettare skader.

– Det var to personar involvert. Den eine personen er sendt til Haukeland med hovudskadar, fortel operasjonsleiar Lars Geitle.

Han seier det har vore ein kraftig smell. Politiet dirigerer trafikken forbi ulukkesstaden.

Vegtrafikksentralen seier ulukka har skjedd på ein kommunal veg og det førebels ikkje har oppstått køar.

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.