NRK Meny
Normal

Frontkollisjon i tunnel – alvorleg for mann i 50-åra

Ein person blei kritisk skadd etter at to bilar frontkolliderte i ein tunnel på Osterøy.

Frontkollisjon i Borgatunnelen Osterøy

FRONT: Ein person ligg kritisk skadd på Haukeland universitetssjukehus etter ein frontkollisjon i Borgatunnelen på Osterøy.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Oppdatering: Fredag føremiddag opplyser Helse Bergen at mannen ikkje lenger er kritisk skadd.

To personar er sendt til sjukehus med alvorlege skader etter at ein personbil og varebil frontkolliderte i Borgatunnelen på fylkesveg 567 på Osterøy.

Naudetatane fekk melding om ulukka like før klokka halv sju. Det var ein 24 år gamal mann og ein mann i 50-åra som kolliderte.

Sendt til sjukehus med luftambulanse

Ein av dei to sat ei stund fastklemd.

– To personar, ein i kvart køyretøy, er karakterisert som alvorleg skadd og sendt til Haukeland universitetssjukehus. Ein er sendt med luftambulanse, opplyser operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Om lag klokka halv ti opplyser Helse Bergen at mann i 50-åra er kritisk skadd.

Litt seinare onsdag ettermiddag melder sjukehuset at 24-åringen er lettare skadd etter ulukka.

Bil skadet etter ulykke på Osterøy

STORE SKADAR: Her vert den eine av dei to bilane frakta bort frå staden etter ulukka, med omfattande materielle skadar.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Store materielle skader

Den 1550 meter lange tunnelen mellom Hauge og Lonevåg er framleis stengd etter ulukka.

– Det er snakk om store materielle skadar, sa vaktkommandør Sigbjørn Villanger til NRK like over klokka sju.

Tunnelen vil truleg vera stengd ei tid framover.

– Politipatruljen gjer framleis åstadsundersøkingar i tunnelen. Inntil det er avslutta og tunnelen er rydda vil vegen framleis vera stengd, seier Samsonsen til NRK like før halv ti.

Vegtrafikksentralen melder at det er omkøyring via Revheimsvegen og 362 om Gjerstad.

I 12.30-tida vart tunnelen opna igjen.

Laster kart, vennligst vent...

FRONTKOLLISJON: Ein person sat ei stund fastklemd etter kollisjonen i Borgatunnelen på Osterøy.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.