NRK Meny
Normal

Frakta til sjukehus med luftambulanse etter frontkollisjon

Fire personar skadd etter frontkollisjon i Måbøtunnelen på riksveg 7. Politiet mistenker at den eine sjåføren var påverka av alkohol.

Lange køar etter krasj i Hardanger

LANGE KØAR: Det vart køar på riksveg 7 etter ulukka.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Det var klokka 14.11 at naudetatane vart varsla om frontkollisjonen på riksveg 7 i Måbødalen i Eidfjord.

To bilar og fire personar var involvert i ulukka. Luftambulanse vart sendt til staden, men alle skal ha fått lettare skader i samanstøyten.

– Ein mann i 70-åra er sendt til Haukeland sjukehus i luftambulanse, medan tre personar er frakta til Voss sjukehus. Skadeomfanget vi har fått opplyst er lettare skader, fortel operasjonsleiar Knut Dahl-Mikkelsen.

Tidlegare opplysningar tyda på at ein av dei involvert fekk brot i ei skulder i ulukka.

Luftambulanse i Måbødalen

LUFTAMBULANSEN LANDAR: Det vart sendt luftambulanse til Måbødalen, men truleg er det ikkje snakk om alvorlege skader.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Mistanke om rus

Den eine bilen kom over i motsett køyrebane, omtrent midt inne i Måbøtunnelen på riksveg 7.

– Det er mistanke om rusa køyring, så det blir tatt blodprøve av ei kvinne i 50-åra, opplyser Dahl-Mikkelsen.

Vegen var lenge stengd etter ulukka og køane var lange på begge sider av tunnelen. Klokka 15.50 opna riksveg 7 for fri ferdsel igjen, men det kan ta tid før trafikken flyt som normalt.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.