NRK Meny
Normal

Drosje og varebil frontkolliderte i Løvstakktunnelen

To personar til legevakt etter kraftig kollisjon i Bergen.

Laster kart, vennligst vent...

STENGD: Løvstakktunnelen i Bergen er no stengd grunna trafikkulukka.

Politi og brannvesen fekk melding om ulukka klokka 08.55.

Det er ein varebil og ein drosje som har frontkollidert inne i Løvstakktunnelen mellom Bergen sentrum og Fyllingsdalen.

Det skal vera snakk om lettare personskadar, opplyser 110-sentralen.

– Det er to personar involvert i kollisjonen. Det er store materielle skader på bilane, så det har vore ein kraftig smell, seier operasjonsleiar Hans Eirik Thue.

Tunnelen opna

Han fortel at det var drosjen som kom over i feil køyrefelt og trefte varebilen.

Tunnelen var lenge stengd, grunna dei store skadane på bilane. Etter 45 minutt har naudetatane rydda opp.

To personar er sendt til legevakten for ein sjekk.

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.