NRK Meny
Normal

Bilførar til sjukehus etter frontkollisjon

Ein mann er sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus etter ein frontkollisjon i Kvam.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet fekk melding om ulukka på fylkesveg 47 klokka 12.43.

Det var to bilar involvert i ulukka, og det var éin person i kvar bil, ifølgje politiet.

Føraren av den eine bilen sat ei stund fastklemt i bilen, men like før klokka 13.30 var han frigjort, seier Frode Kolltveit i Hordaland politidistrikt.

Sendt med luftambulanse

– Mannen skal ha vore bevisst då naudetatane kom på staden, seier Kolltveit.

Han er no sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus.

– Det er snakk om brotskadar, men me veit førebels ikkje kor alvorlege skadane er.

I den andre bilen sat det ei kvinne. Ho klaga på nakkesmerter og blei sett til av ambulansepersonell på staden. Ho er med ambulanse til lokal legevakt.

Manuell dirigering

Ulukka skjedde i ei 80-sone på Tørvikbygdvegen, retning Norheimsund, like ved Berge gartneri.

Vegen var stengd ei periode, men det er no manuell dirigering mellom Hodnanes og Norheimsund, melder Statens vegvesen.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.