Hopp til innhold

Frivillige har aldri brukt meir tid på skogbrannar og skred enn i 2018

FINSE (NRK): Det vil bli langt viktigare å førebu seg på katastrofar og ulukker i åra som kjem, meiner Røde Kors. – Endringane utfordrar heile beredskapen vår, seier presidenten i Røde Kors.

Øvelse på Finse under Finsekurset

FØREBUR SEG: Her kurses Røde Kors på redning i skred. Sivilforsvaret var i innsats i nesten 55.000 timar i juli i fjor. Til samanlikning var gjennomsnittet dei siste åtte åra 42.000 timar – for eit heilt år.

Foto: Tale Hauso / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Fredag var beredskapsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) og Røde Kors-president Robert Mood til stades under Finsekurset på Hardangervidda.

Kurset er landets største møtestad for kursing av redningsleiarar og skredekspertar. Både politi og andre naudetatar, i tillegg til Norske redningshundar, deltok i den omfattande øvinga.

– Me veit at klimaendringane fører til skred der det tidlegare ikkje gjekk skred og flaum i nye område. Då er førebuing og øving viktig, seier Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp), statsråd for tryggleik og beredskap i Justisdepartementet.

Gressbrann i Aurdal i Vindafjord

EKSTREMÅR: Røde Kors har aldri opplevd eit verre år enn fjoråret, slår organisasjonen fast i ny rapport. Her frå grasbrann i Aurland i Vindafjord.

Foto: Tor Andre Johannessen

Meiner klimaet vil utfordra heile beredskapen

Og skal me tru Røde Kors vil det bli langt viktigare å førebu seg på katastrofar og ulukker i åra som kjem.

I dag la Røde Kors fram sin hendingsrapport for 2018, med namnet «Klimaendringene setter norsk beredskap på prøve».

Basert på dei frivillige sine erfaringar frå meir enn 1700 aksjonar i 2018, slår Røde Kors fast at klimarelaterte hendingar no pregar organisasjonen sitt arbeid i Noreg i langt større grad.

Dette er nokre av hovudfunna i rapporten:

  • Frivillige i Røde Kors har aldri har brukt meir tid på skogbrannar og skred som i 2018.
  • «Vårflaum» på hausten, ekstrem tørke og rekordmange skogbrannar og snøskred viser at ekstreme vêrhendingar i større grad påverkar og utfordrar søk- og redningsarbeid i Noreg enn tidlegare.
  • Berre halvparten av landets kommunar har beredskapsavtalar med Røde Kors.
  • Sommaren 2018 opplevde styresmaktene at mange ikkje lytta til bålforbodet då skogbrannane herja som verst. Dette, kombinert med dei mange skredulukkene og redningsaksjonane, understrekar at det er stor trong for folkeopplysing i personleg beredskap og tryggleik.

– Me ser at klimaendringane er her. Dramatiske og uventa vêrhendingar, meir tørke, fleire skred og fleire brannar råkar oss i større grad. Denne uføresette nye normalen utfordrar heile vår beredskap, seier presidenten i Røde Kors, Robert Mood til NRK.

President Robert Mood i Røde Kors

MOOD: – I dag er det fleire som ferdast i fjellet, det er meir vêr som skiftar raskare og det går fleire skred. Ei unik øving som denne, på tvers av aktørane, er minst like viktig som før, seier Mood om Finsekurset, som i år jubilerer med 60 år.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Kapasiteten blei strekt til det ytste

Fjorårets sommar blei rekna som den verste tørkesommaren sidan 1947. Mangelen på nedbør førte til den verste krisa i landbruket på fleire tiår og førte til eit hundretals brannar i terrenget.

Når kalenderen viste juli, hadde det allereie vore dobbelt så mange skogbrannar i 2018 som i heile 2017 til saman. Sivilforsvaret måtte senda sløkkeutstyr på kryss og tvers av landet då det stod på som verst i Sør-Noreg.

Forskarar konkluderte tidleg med at klimaendringane bidrog til å gjera ekstremsommaren verre.

– Me opplevde å bli strekt til det ytste av vår kapasitet i 2018. Styresmaktene, både sentralt og lokalt, må i større grad legga til rette for at frivillige kan vera den beredskapsressursen me er nøydde til å vera i framtida, seier Røde Kors-presidenten.

Etterlyser felles dugnad

No etterlyser Noregs største beredskapsorganisasjon, med rundt 25.000 frivillige, fleire konkrete tiltak både lokalt og nasjonalt. Eitt av krava er langt større offentlege investeringar i dei frivillige rednings- og beredskapsorganisasjonane.

Ingvil Smines Tybring-Gjedde

STATSRÅD: Beredskapsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde rosar Røde Kors sitt initiativ for ei årleg fellesøving på Finse. Ho lovar å vera lydhøyr overfør ønska til dei frivillige.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Me må få fleire kommunar til å inngå beredskapsavtalar med Røde Kors, me treng trykk på betre rammevilkår og arbeidsgjevarar som gir folk fri med løn i søk- og redningsoppdrag. Kort og godt ein felles dugnad, seier Moon.

Statsråden meiner regjeringa tek sitt ansvar på alvor, mellom anna gjennom opprettinga av statsrådposten ho sjølv styrer.

– Regjeringa tar dette veldig på alvor og har vist at ein har eit større fokus på beredskap. Auka beredskap er blant regjeringa sine mål og i den samanheng er frivillige svært viktige for beredskapen i landet vårt.