Hopp til innhold

Fritt fram for øl

Bergensarane kan nyta alkohol i parken i fred for politiet. Det mislikar fråhaldsungdommen.

Illustrasjonsbilde: Ung gutt drikk av øl-flaske

Mange kosar seg med ei pils i parken. Men det er ikkje lov.

Foto: Sara Johannessen / Scanpix

– Det er då ikkje så farleg å ta seg ei øl eller to når ein griller, så lenge det ikkje vert for mange, er kommentaren som går igjen når NRK besøker parkgjester i sommersola i Bergen.

Og innsatsleiar Erik Sveaas i Bergenspolitiet innrømmer at dei ikkje slår hardt nedpå folk som tek seg ei pils i parken.

For politiet skriv ikkje ut bøter til folk som drikk alkohol i parkane i Bergen.

LES OGSÅ: Butikker selger øl til 14-åringer

Lite prioritert

– Det kjem då an på kor mykje politiet skal prioritera dette, seier Sveaas.

– Om det ikkje kjem klage i frå publikum, og det føregår i rolege former, så gjer me gjerne ikkje noko med dette.

– Feil

Det likar kretsleiaren i fråhaldsorganisasjonen Juvente, Anders Rolland Jacobsen, dårleg.

– Det synes eg er feil.

Han syns det er rart at politiet ikkje slår hardare ned på brot på alkohollova.

- Då kan ein la vera å følgja andre lover også då.

– Bør ikkje bli vanlegare

Folk i Bergen brukar store og små grønne områder meir enn tidlegare. Kari Lossius ved Bergensklikkane tykkjer at folk skal få kosa seg i parken.

– Men visst dette vert vanlegare og vanlegare, og den norske fyllekulturen kjem inn i parken, då kan det bli eit problem.

Kari Lossius, sjef for Bergensklinikkene

Det er lov å kosa seg, men norsk fyllekultur bør ikkje inn i parkane i Bergen, meinar Kari Lossius.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

Juventeleiar: Drikk vørterøl

Det bør vera uproblematisk å la vera å bøtta nedpå i parken, meinar Juventeleiaren.

– Når du er i parken, e det ikkje alkohol du skal kosa deg med, men grilling og fint vêr, meinar Rolland Jacobsen.

– Og visst det er smaken på alkohol du likar, kan du ta drikka vørterøl eller alkoholfritt øl.

Men på byen, drikk bergensarane mindre: Bruker mindre «på byen»