Dette har til no vore eit prøveprosjekt i Oslo og Akershus, men no blir dette ei permanent ordning overalt i Norge.
Om nokre få veker får el-bilar køyre i kollektivfelta over heile landet.
- Dette blir ei varig løysing, lovar samferdsleminister, Torild Skogsholm.
Målet er å få fleire til å køyre på miljøvenleg straum i staden for å køyre ureinande bensin- og dieselbilar.
Jubel i Bergen
Trygve Fett køyrer til daglig el-bil i Bergen og jublar for den nye ordninga.
- Vi har ein del føremoner allereie; vi betaler ikkje årsavgift eller bompengar, men dette vil verkeleg bidra til at elbilen blir brukt meir, seier Fett.
Laber interesse i Vest
Medan talet på el-bilar i
Samferdsleminister Torild Skogsholm. Foto: NRK
Oslo og Akershus har
auka dei siste åra, har interessa i Bergen flata heilt ut.
Det er også mykje vanskeligare å få tak i el-bilar på Vestlandet enn i hovudstadsområdet.
Håpar på elbil-boom
Torild Skogsholm håper tilbodet om å kunne kome seg raskt fram i kollektivfelt over heile landet, vil føre til auka etterspurnad.
- Vi har møtt enorm etterspørsel etter bilane i Oslo og Akershus. Eg trur dette er eit bidrag som får opp interessa, seier samferdsleministeren.